NRK Meny
Normal

Uroa over færre seniorlag i lokalfotballen

Fotballkrinsen må kutte ei avdeling i sjettedivisjon for herrar, og på kvinnesida er det ikkje ein gong tosifra tal seniorlag. – Det er urovekkjande, seier Yngve Håkonsen.

Høyang i kamp mot Skavøypoll
Foto: Stig Høynes / NRK

Det blir stadig færre lag i seniorfotballen i Sogn og Fjordane. Kommande sesong har fotballkrinsen blitt nøydd til å kutte ei heil avdeling i 6. divisjon. Mange klubbar merkar at ungdommen reiser frå fylket idet dei skal ta steget opp på seniornivå.

– Det er første gong på mine ti år i fotballkrinsen at vi ikkje kan ha lokale avdelingar for sjettedivisjon, seier seriekonsulent Yngve Håkonsen.

Fleire unge, seniorfotballen slit

Han er godt nøgd med at tala for den aldersbestemte fotballen. Der er det komande sesong ein oppgang på tjue lag.

Men: Utviklinga i seniorfotballen er ikkje like god. No er lag som Hafslo, Saga, Veitastrond og Anga borte frå 11-arfotballen, og det merkar krinsen.

– Det har vore sesongar vi har hatt problem med å stille lag i damefotballen, der vi nærast må ut å hente spelarar, få heim igjen studentar og sjå litt til nabobygdene. Dette er heilt klart ei heilt reell problemstilling, seier Jarl Ulvestad, leiar i fotballgruppa til Høyang.

Der opplever dei at mange unge talent reiser frå tettstaden etter berre eitt eller to år på vidaregåande.

Kuttar ei avdeling

Og det er dei ikkje åleine om, fryktar seriekonsulent Yngve Håkonsen i fotballkrinsen.

– Det er fleire i den aldersgruppa som vel å studere utanfor fylket, og ikkje spelar for sine lokale klubbar i den grad dei gjorde tidlegare, seier han.

No må dei kutte talet på avdelingar i 6. divisjon frå tre til to.

– Det er eit lite paradoks at vi skal ha ei nedgang i seniorfotballen, men det kan hende at auken i aldersbestemt fotball på sikt skal føre til at fleire spelarar som vil spele seniorfotball. Det er noko vi håper på, seier Håkonsen.