NRK Meny
Normal

Europarådet skal granske om barnevernet bryt menneskerettane

Europarådet skal granske om norsk barnevern bryt menneskerettane. Bakgrunnen for initiativet er den svært så omstridde barnevernssaka i Naustdal, der eit kristent foreldrepar vart fråtekne fem barn

Illustrasjonsfoto

Norsk barnevern skal under lupa av Europarådet. Bakgrunnen er den såkalla naustdalssaka, der eit norskrumensk foreldrepar vart fråtekne fem barn.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

– Norge har som alle andre land godt av å bli kika i korta om vi etterlever menneskerettane. Dersom vi ikkje gjer det må det ryddast opp, seier Ingjerd Schou (H), leiar i den norske delegasjonen i Europarådet.

Schou presiserer at ho uttalar seg om barnevernet generelt, ikkje om naustdalssaka spesielt.

Naustdalssaka som bakteppe

Det var Europarådet sin komite for sosiale saker som i juni i år kom fram til at det skal gjennomførast ei gransking av norsk barnevern. Bakgrunnen er den svært omstridde Naustdalssaka i Sogn og Fjordane, der eit norskrumensk kristent foreldrepar vart fråtekne fem barn.

Norge har som alle andre land godt av å bli kika i korta om vi etterlever menneskerettane.

Ingjerd Schou

Naustdalssaka førte til eit veldig engasjement med både nasjonale og internasjonale protestaksjonar mot norsk barnevern. I den samanheng bad ein rumensk og moldovisk parlamentarikar om at ein må sjå nærare på norsk barnevern.

Det norskrumenske foreldreparet er tiltalte for oppdragarvald og saka skal opp i retten. Barna vart leverte tilbake etter om lag eit halvt år i fosterheim, etter at kommunen trekte saka. Foreldra bestemte seg i sommar for å flytte heile familien til Romania . Frykt for norsk barnevern vart brukt som grunngjeving.

Ingjerd Schou

Norge må som alle andre land godta å bli kika i korta av Europarådet, seier Ingjerd Schou (H), leiar i den norske delegasjonen i Europarådet.

Foto: Karlsen, Anette / NTB Scanpix

Rapport

I samband med granskinga i regi av Europarådet skal det utarbeidast ein rapport om det norske barnevernet. Vanlegvis tar det mellom eit og to år før rapporten er ferdig.

Heller ikkje nestleiar i den norske delegasjonen til Europarådet, Lise Christoffersen (Ap), har noko imot at norsk barnevern blir granska.

– Det er fint at norsk barnevern blir granska. På den måten vil det kunne bli lagt fram ein rapport som viser dei faktiske forholda, seier ho.

– Men er du ikkje redd for at det i rapporten blir slått at norsk barnevern bryt menneskerettane?

– Nei, det føler eg meg veldig sikker på at konklusjonen ikkje blir. Vi veit ikkje kor brei rapporten blir, men det kjem sikkert til å kome fram enkelte døme på at barnevernet har vurdert feil. Christoffersen presiserer at ho uttalar seg om norsk barnevern generelt, ikkje naustdalssaka.

Vil ikkje kommentere

Ei internasjonal gransking ligg utanfor vårt naturlege område å kommentere.

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal.

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, ønskjer ikkje å la seg intervjue om at barnevernssaka i kommunen hans er bakgrunnen for ei internasjonal gransking av norsk barnevern.

Rådmann i Naustdal Øyvind Bang-Olsen under debatten

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, ønskjer ikkje å kommentere at barnevernet i kommunen hans er bakgrunnen for at norsk barnevern skal granskast.

Foto: NRK

Men i eit e-post skriv han følgjande: «Vi har ikkje kjennskap til dette og ei internasjonal gransking ligg dessutan utanfor vårt naturlege område å kommentere». Ordføraren i Naustdal har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Schou meiner det blir feil å tru at menneskerettane blir brotne berre i andre land.

– Stort sett er det mykje bra i Norge, men det er ikkje slik at menneskerettane blir brotne i andre land, men aldri i Norge, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.