Både syklisten og dei to bilane var på veg innover mot sjukehuset og Angedalen (austover) rundt den tida Slåtten skal ha vorte drepen søndag morgon. Den mannlege syklisten skal vere rundt 25 til 30 år. Den eine bilen er ein plommeraud Volvo V70. Den andre bilen har ikkje polititet beskriving av, men kom rett etter Volvoen. Lensmann Kjell Fonn understrekar at alle tre blir etterlyste som vitne i saka.
Kriminell handling
Kriminalteknikarar og taktiske etterforskarar har i natt gjort ei førebels undersøkjing som gjer at politiet no er sikker på at dette er ei kriminell handling, seier lensmann Kjell Fonn. Det er enno ikkje mistenkte i saka. I følgje VG Nett vart Anne Slåtten funnen utan mobiltelefon og lommebok, men dette vil ikkje lensmann Kjell Fonn stadfeste.
Ber om tips
Politiet gjekk frå husvære til husvære måndag ettermiddag og kveld, og bad også om tips frå publikum som kan ha sett noko søndag morgon. Lensmann Kjell Fonn opplyser at dei fekk inn 10-12 tips i løpet av kvelden i går, og at dei framleis er svært interesserte i fleire tips.