Politiet etterlyser personar som nyleg har hivd frå seg gjenstandar som papir, flasker og liknande i området rundt der Anne Slåtten vart drepen. Det sa lensmann Kjell Fonn på pressekonferansen i går kveld. Gunnen er at dei vil sortere vekk gjenstander som ikkje har noko med saka å gjere. Men politiet vil ikkje kommentere om det er gjort andre funn på åstaden.
God oversikt
Politiet i Førde vil også ha kontakt med personar som har parkert eller stoppa bilen ved Førdehuset og elles i området nær drapsstaden natt til søndag.
Men sjølv om politiet no etterlyser fleire folk som kan ha opplysningar å komme med, meiner politiet at dei etterkvart har skaffa seg ei god oversikt over bevegelsane i området på det aktuelle tidspunktet.