Terje Olav Øen. Foto: NRK
Øen meiner staten bør ta meir ansvar for utgiftene som både politi, ambulanse og brannvesen lokalt får i ekstremsituasjonar.
- Fylkesmannen bør ha ein pott som er tilført frå staten til bruk i slike situasjonar, slik at det ikkje vert ein krangel om kven som sit med ansvaret, seier Øen.
Må handle
Når krisesituasjonen oppstår, kan ikkje hjelpemannskap lure på om dei skal rykke ut, kva det kostar, eller bruke tid på uvesentlege detaljar. Då må dei handle. Seinast sist veke herja orkanen Narve Nord-Norge. Vegar vart øydelagde, lokalsamfunn innestengde og erstatningskrava kalkulert til mellom 60 og 80 millionar kroner.
Ekstraferjer
Mange stengde vegar skapte problem. Foto: NRK
I november i fjor herja uveret Loke Vestlandet for fullt.
- Når til dømes vegnettet bryt saman, så må vi setje inn beredskap i form av ekstra ferjer og båtambulanse. Dette er kostnader som fullt ut må dekkast av helsetenesta, seier han.
Ekstrautgift på 100.000
Helse Førde fekk ei ekstrautgift på rundt 100.000 kroner etter Loke, ei betydeleg ekstrautgift for helseføretaket som elles må snu på kronene.
- Alle desse summane kjem overraskande på. Men ut frå det vi veit, så blir det kanskje fleire situasjonar med ekstremver. Det betyr at vi på førehand må ha drøftingar der staten er med og fortel korleis dette skal handterast, seier han.