Før helga måtte ein skadd fiskar utanfor mørekysten vente i fem timar før han kom til sjukehus, fordi redningshelikopteret måtte hentast frå Ørlandet. Fiskaren vart alvorleg skadd då han fekk ein dregg i hovudet.
Lang tid til sjukehus
Men fordi helikopterbasen i Florø enno ikkje er i drift, var det næraste redningshelikopteret på Ørlandet, to timar flyging unna. - Det tok fire-fem timar før mannen var på sjukehus, og då hadde han ein kroppstemperatur på mellom 34 og 35 grader, seier Røbekk Nørve.
Redningshelikopter i Florø Arkivfoto NRK
Stor aktivitet
- No er det på tide at helikopterbasen i Florø kjem på plass, seier Elisabeth Røbekk Nørve. Det er svært stor aktivitet i havområda utanfor Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er svært uheldig at det næraste redningshelikopteret er to timar unna, seier ho.
På plass i 2006?
Det er sagt at redningsbasen i Florø no skal ut på anbod, og at den skal vere på plass i 2006. Men Elisabeth Røbekk Nørve meiner det er viktig å vere frampå og syte for at det blir fortgang i saka.