Hopp til innhold

Etterlyste båt etter at mann vart funnen død

Måndag kveld vart ein eldre mann funnen død i sjøen ved Furuholmen båthamn i Florø. No har politiet funne mannen sin båt.

Etterlyst båt.

VAR ETTERLYST: «Calpurnia» var eigd av den eldre mannen. No er båten funnen.

Det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga mannen, og det er uvisst kor lenge personen hadde lege i sjøen, skriv Firdaposten.

Politiet fekk melding ved 20.00-tida måndag om at det var observert eit livlaust menneske i sjøen på utsida av Furuholmen båthamn i Florø.

– Vi veit med ganske stor sikkerheit kven han her. Og vi kan vel seie at det på noverande tidspunkt ikkje er grunn til å mistenke at han har vore utsett for noko straffbart. Det er ingenting som tyder på det, seier stasjonssjef Kjell Magne Barsnes til NRK Sogn og Fjordane tysdag føremiddag.

– Kva skjer vidare i etterforskinga?

– Det er bestemt at vedkomande vil verte obdusert på fredag. Då vil vi forhåpentlegvis få meir svar, seier Barsnes.

Tidlegare i dag etterlyste politiet ein båt som den eldre mannen har eigd. Det syner seg at denne båten har stått på land over lengre tid og såleis ikkje har vore i bruk.

Kjell Magne Barsnes, politiførstebetent ved Flora politistasjon.

STASJONSSJEF: Kjell Magne Barsnes har no fått greie på kvar båten til den omkomne er.

Foto: Kjell Arvid Stølen