Hopp til innhold

Etterforskar vikarlege etter krasj

Politiet etterforskar om ein dansk vikarlege kan ha sovna bak rattet før han krasja inn i ein møtande bil på riksveg 15 i Vågsøy. Den kvinnelege sjåføren av den møtande bilen omkom i kollisjon.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

OMKOM: Ei 49 år gamal kvinne omkom etter den veldige kollisjonen mellom dei to bilane. Etter samanstøyten var dei to bilane ståande meir enn hundre meter frå kvarandre.

Foto: Bjarne Eldevik

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier til Bergens Tidende at dei held spørsmålet om den danske legen (46) sovna bak rattet heilt ope.

Føremiddagen skjærtorsdag omkom ei 49 år gamal seksbarnsmor i den veldige frontkollisjonen på riksveg 15 i Vågsøy. Føraren av den andre bilen, ein dansk vikarlege vart alvorleg skadd, medan den mannlege passasjeren i den omkomne sin bil kom frå det med mindre skader.

Etterforskinga så langt tyder ifølgje Vågsøy-lensmannen på at det var bilen til legen som kom over i motgåande køyrefelt. Asfalten på ulukkesstaden var tørr, og politiet har ifølgje Bergens Tidende ikkje funne bremsespor etter nokon av dei to involverte bilane.

Kort tid etter ulukka kverrsette politiet førarkortet til 46-åringen. Dei har to gonger prøvd å avhøyre han, men skal ha gitt opp på grunn av skadane han har, skriv Bergens Tidende.

Hvattum seier til avisa at legen skal ha kome rett frå nattevakt på den interkommunale legevakta på sjukehuset i Eid. Kommunalsjef Rune Engeseth i Eid kommune kan ikkje svare avisa på om vakta legen hadde hatt var på ti eller 24 timar.