Hopp til innhold

Kvinne (49) frå Polen miste livet

Det var 49 år gamle Anna Cieslak frå Polen som miste livet i kollisjonen på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy skjærtorsdag.

Trafikkulukke på riksveg 15

OMKOM: Ei 49 år gamal kvinne frå Polem omkom i trafikkulukka på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy sist torsdag.

Foto: Bjarne Eldevik

Politiet har tysdag frigjeve namnet på kvinna som omkom i frontkollisjonen sist veke. Kvinna var førar av den eine bilen som var involvert.

Føraren av den andre bilen, ein mann, i tillegg til ein mannleg passasjer i bilen til den omkomne vart sende til sjukehus etter ulukka.

Riksveg 15 var stengd i fleire timar etter ulukka, og både politiet og Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe var på staden for å gjere undersøkingar.

Ifølgje Fjordenes Tidende etterlet kvinna seg seks barn.