Etterforskar dyretragedie

Politiet etterforskar ein dyretragedie i Flora, skriv Firdaposten. Politiet gjekk til aksjon mot ein eigedom på sundag. Der fann dei to daude og fire levande sauer. Også dei fire levande dyra var så skadde at dei måtte avlivast, bestemte Mattilsynet.