Hopp til innhold

Å bli friskmeldt frå kreften blei starten på ein lang kamp for Irene

FØRDE (NRK): Då Irene var ferdig behandla for livmorhalskreft, gjekk ho rett tilbake i jobb. Men etter eit halvt år kom den psykiske smellen og ho fekk eit stort hol i CV-en sin.

Irene Grøneng møtte veggen i 2013. Seks månader tidligare hadde ho blitt frisk frå livmorhalskreften.

MØTTE VEGGEN: Irene Grøneng møtte veggen i 2013. Seks månader tidlegare hadde ho blitt frisk frå livmorhalskreften, men den emosjonelle påkjenninga innhenta ho.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

I 2012 fekk Irene Grøneng kreft. Men det var ikkje sjukdomen som ho sleit med i åra etterpå – det var å komme tilbake inn i arbeidslivet.

– Etter behandlinga gjekk eg rett tilbake i jobb. Det skulle eg aldri ha gjort.

For etter kvart sa det stopp. Ho blei lagt inn på psykiatrisk sjukehus i seks månader. Derifrå skulle det bli vanskeleg å komme seg på beina.

Det manglande halvåret i CV-en blei vanskeleg å forklare.

– Eg lærte meg kva eg skulle seie. Å seie at ein hadde møtt veggen var greitt, men å seie at eg var innlagt på psykiatrisk i seks månader, det seier du berre ikkje, ler ho.

Frå 1988 til 2002, jobba Irene Grøneng i Trygdeetaten med å hjelpe folk i Bergen og Florø å få trygda si. Eit tiår seinare skulle ho sitje på andre enden av bordet, etter å ha sigra over kreften.

– Eg veit kva det vil seie å stå utanfor arbeidslivet og prøve å komme seg inn, så eg var veldig bevisst på å tetta dei hola eg kunne tette, fortel Grøneng.

Vil ha fleire ut i arbeid

No har regjeringa sett i gang ein såkalla inkluderingsdugnad, med mål om å tilsette fleire med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Ein av kommunane som no følgjer opp dette er Sogndal.

– Det viktig at vi er ein kommune som tek omsyn til alle, seier Sogndal-ordførar Arnstein Menes (Sp).

Det var porten.no som omtala saka først.

Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, applauderer Sogndal for å gå fram som døme for andre kommunar.

– Det Sogndal gjer her er veldig positivt, og eg vil oppfordre andre til å gjere det same.

Bogsnes meiner den uutnytta arbeidskrafta er ein reserve som blir nødvendig for kommunar og bedrifter framover.

– Vi ser at om vi skal klare å halde oppe velferdssamfunnet vårt, er vi avhengige av å klare å inkludere dei som står utanfor, seier ho.

Irene Grøneng på kontoret hennar.

PÅ EIGE KONTOR: På kontoret sitt i Førde stortrivst Grøneng. Mykje av arbeidet går i å leggje til rette for at Raudekrossen sine frivillige skal kunne gjere jobben sin.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Kan vere modell for privat næringsliv

Berre 15 prosent av verksemdene i Noreg har det siste året tilsett personar med langvarig fråvær frå arbeidslivet, opplyser Kompetanse Noreg.

Arbeidarpartiet ønskjer no at også Vestland fylkeskommune skal bli flinkare til å tilsetje folk med hol i CV-en. Dei vil fremje eit forslag for fylkestinget om dette.

– Når fleire gjer slike grep, trur eg fleire får ein sjanse, seier Torbjørn Vereide i Vestland Ap.

I Røde Kors-bygget i Førde sentrum sit Irene Grøneng ved kontorpulten sin. Der har ho no jobba som prosjektmedarbeidar i Røde Kors i over eitt år.

– Dei såg forbi sjuke-Irene, og fann dyktige-Irene, smiler ho.

Her har ho funne tilbake til gleda av å vere i vanleg arbeid. Ho seier at alle har ein flamme i seg, og at det heile handlar berre om å finne det som passar til kvar enkelt.

– Me må få det inn i kulturen at det er ikkje noko problem at ein har lågare arbeidsevne, fordi det finst ein plass til alle likevel, fastslår ho.