Hopp til innhold

Kjetil sin etikett-idé har blitt millionsuksess i Sogn

GAUPNE (NRK): Behovet for nokon som ville satse gjorde at Kjetil Hovland kjøpte si første trykkemaskin. No har etikettfabrikken i Luster blitt ein millionsuksess.

Digital Etikett

STARTA I GARASJEN: Dagleg leiar Kjetil Hovland starta opp i ein garasje saman med to andre personar. (arkivfoto)

Foto: Arve Uglum / NRK

Digital Etikett i Gaupne rundar 10 år i 2018. På den tida har dei vakse ut av både garasjar og fabrikkar. No kjøper dei ein skrivar som er større enn eit lite hus.

– Då ingen andre i industrien ville satsa, fann eg ut at eg kunne gjera det. Eg kjøpte ein ganske stor digital skrivar og sette den i garasjen. Derifrå har ballen rulla fort og blitt mykje større.

Kjetil Hovland er både dagleg leiar og marknadssjef i Digital Etikett i Gaupne, ei bedrift som lagar etikettar til mellom anna syltetøyglas, ølflasker og mykje anna.

Bygger ut

Sidan oppstarten for ti år sidan har dei rukke å veksa ut frå både garasjar og næringsbygg. For tre år sidan flytta dei inn i splitter ny fabrikk, men no er den allereie for liten.

– Det har gått over all forventing. Eg trefte spikaren ganske godt då eg satsa, seier Hovland.

Noko av årsaka til at dei no har teke over nabofabrikkbygget, er at dei har kjøpt seg ein ny skrivar. Og då snakkar me ikkje ein slik du har på kontoret eller heime.

– Det er eit monster som kjem. Skrivaren treng eit grunnareal på 98 kvadratmeter. Teknologien er mykje det same som i ein vanleg kontorskrivar, men dimensjonane er ganske annleis, seier fabrikksjef Øyvin Tørvi.

Her skal printaren stå

HER SKAL DEN NYE SKRIVAREN STÅ: Fabrikksjef Øyvin Tørvi står der hjørnet av skrivaren kjem til å vera. 98 kvadratmeter med plass treng skrivaren. Dei kjøpa nabobygget for å få plass.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Investerer for store summar

Skrivaren kostar ikkje mindre enn 20 millionar kroner, som er om lag to tredjedelar av omsetnaden til fabrikken i 2017. Med denne skrivaren fortel Hovland at dei kan produsera tre gonger så mange etikettar i timen.

– Det er nesten galskap. Men dét var det i starten også. Det har tidlegare gitt gevinst å investera, og eg trur på at det blir slik no også. Me må gambla litt, seier Hovland.

Papirstopp er eit velkjent problem for alle som har prøvd å skriva ut noko. Får dei det problemet her, så er det også litt meir arbeid å fiksa enn heime

– To av våre tilsette var på kurs i Barcelona for å læra seg denne skrivaren. Då såg me berre att beina på dei då dei skulle inn i maskina, seie Tørvi.

Utover sommaren skal skrivaren monterast. Til hausten skal det vera storstila bursdagsfeiring, med demoprinting, mat, musikk og mykje meir.

Øyvin Tørvi

RULLAR OG GÅR: Etikettar kjem ut av skrivaren. Denne skrivaren blir ein lilleputt samanlikna med det som kjem inn dørene i løpet av sommaren. Framfor skrivaren står fabrikksjef Øyvin Tørvi

Foto: Sondre Dalaker / NRK