– Av og til må vi velje mellom vakker natur og arbeidsplassar. I Sogn og Fjordane er det mykje vakker natur, men fylket treng også arbeidsplassar, seier Solberg.
Dermed avviser statsministeren at det kan bli aktuelt med ein omkamp. Det skriv Bergens Tidende.
– Det har vore gjort eit grundig arbeid i å kartleggje konsekvensane miljømessig av å gje eit utvinningsløyve i Engebøfjellet. Basert på det så har Klima- og miljødepartementet fastsett strenge utsleppsvilkår. Vi meiner at denne balansen mellom arbeidsplass og miljø her, er til å leve med, sa Solberg under Stortingets spørjetime onsdag.
Høyr meir av statsministeren sitt svar frå spørjetimen her:
Trass i at reaksjonane har vore sterke både i Norge og utanfor landegrensene står Solberg fast på at det no er gjeve ein juridisk bindande konsesjon for gruvedrift i Naustdal.
- Les også:
- Les også:
Ser seg ferdig med saka
Ho meiner den langsiktige miljøpåverknaden av gruvedrift er forsvarleg. Miljødirektoratet har vurdert at det meste av botnnivået i Førdefjorden ikkje kjem til å bli påverka av deponiet. Noko som er eit viktig argument for regjeringa.
– Det er berre to artar i fjorden som det kjem til å ta litt lengre tid før dei når bestandsmåla, seier statsministeren. Dei to er pigghå og blålange.
Gruveselskapet Nordic Mining har fått løyve til å sleppe ut inntil 250 millionar tonn gruveavfall til Førdefjorden.
Ifølgje utgreiingane til Miljødirektoratet vil ikkje deponiet ramme gyteplassar for kysttorsk direkte.
– Regjeringa ser seg ferdige med å handsame denne saka, seier Solberg.
- Les også:
- Les også:
Vil redde fjorden gjennom EØS-domstol
Men ikkje alle kjenner seg like ferdige med gruvesaka. No klagar fiske-, frilufts- og miljøorganisasjonar regjeringa si avgjerd inn til EØS-domstolen ESA.
Dei meiner regjeringa sitt vedtak vil få store miljøkonsekvensar for Førdefjorden, og at det bryt med vassdirektivet, skriv dei i ei pressemelding.
– Vi meiner vedtaket bryt med EU-reglane vi har slutta oss til og som har som mål å skaffe oss reinare vatn, seier leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.
Dei 12 organisasjonane som stiller seg bak er Natur og Ungdom, Vevring- og Førdefjorden Miljøgruppe, Friends of the Earth Europe, Norges Kystfiskarlag, Norske Lakseelver, Den Norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, WWF Norge, Greenpeace Norge, Sabima, Framtiden i våre hender og Naturvernforbundet.
Dei håpar at EØS-domstolen kan stoppe planane om å bruke Førdefjorden som avfallsplass for gruveindustrien. Klagen gjeld alle løyver til sjødeponi som er blitt gjeve etter at vassdirektivet var ein del av Norsk lov.