– No har eg fått sikra meg eit eksemplar, og det var fint. Charlie Hebdo har jo blitt eit symbol på kor viktig ytringsfridomen er for oss, så det var flott å få ein av dei første eksemplara som er kome til Norge, fortel Erlend Svardal Bøe frå Florø.
Han er påtroppande generalsekretær for Unge Høgre og saman med resten av gjengen på kontoret brukte han store delar av fredagen på å stå i kø på Narvesen.
Organiserte vaktordning
– Vi var tidleg på plass på Narvesen-kiosken for å sjå om dei hadde fått inn magasinet, men det hadde dei ikkje. Så på Unge Høgre-kontoret bestemte vi oss for å organisere ei vaktordning, så vi stod i ein halvtime kvar og venta på magasinet.
Rundt 170 eksemplar av siste utgåve av Charlie Hebdo vart i ettermiddag lagt ut for sal på Narvesen ved Nationaltheateret i Oslo. Blada var rivne vekk på under ein time.
Interessa for bladet har vore enorm etter at væpna menn førre onsdag storma redaksjonslokalet og drap åtte redaksjonsmedlem. Vekas utgåve vert gjeve ut i millionopplag og distribuert over heile verda.
Skal ramme det inn
No skal Florøværingen setje seg ned å lese magasinet.
– Eg kjøpte også ein Kvikk-Lunsj samstundes som eg kjøpte magasinet, så no skal eg setje meg ned i sofaen på kontoret her og ete sjokolade og lese gjennom Charlie Hebdo og sjå litt på bileta som er der, fortel han.
Svardal Bøe har også planar for satiremagasinet etter han har lese det.
– Då skal eg ramme det inn og henge det på veggen som eit symbol på kor viktig ytringsfridomen er, og at vi ikkje lar nokon truge oss til tystnad, seier han.
Sjølv har han lese Charlie Hebdo tidlegare då han var i Paris i 2013, og fekk lest ei utgåve.
– Etter mi meining burde jo Charlie Hebdo bli selt på alle kioskar i heile Norge og ikkje berre i eit lite opplag. Eg trur magasinet kan vere eit hjelpemiddel slik at det skal bli meir aksept for å handle eit magasin som brukar ytringsfridomen, seier Svardal Bøe.