Hopp til innhold

Er ho god nok har ho ikkje noko val

For kvinner har fyrstegongsteneste i Forsvaret lenge vore frivillig. For Ingrid Nordnes er det andre bollar.

Ingrid Nordnes spring
Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg er veldig spent med tanke på at eg også sprang ein test i går, og er litt tung i beina. Eg har også høyrt at denne testen skal vere veldig tung, seier Ingrid Nordnes.

Nordnes er i dag på sesjon, der ho skal bli testa både mentalt og fysisk for å sjå om ho er tenestedyktig. Ho og resten av pulja hennar skal starte dagen med fysiske testar.

Fyrst skal styrken settast på prøve, før dei skal stige opp på kvar si tredemølle og springe i 15 minutt, eller til dei ikkje orkar meir. Det blir sett karakter på tidene dei spring.

Nordnes gjer det best i si pulje og held ut i 12 minutt. Det er gjennomsnittstida for menn.

Ingrid Nordnes sliten
Foto: Martin Torstveit / NRK

Nye tider

Thor Liland

VIL HA DEI BESTE: Sesjonsansvarleg Thor Liland.

Foto: Martin Torstveit / NRK

97-kullet er det første kullet der det er lik plikt for kvinner og menn, seier Thor Liland som er leiar for sesjonen.

For jentene som er på sesjon i Førde i dag, må stille til førstegongsteneste dersom Forsvaret vil ha dei. Før var dette valfritt

– Vi har brukt for dei beste, uavhengig av kjønn, seier Liland

Skeptisk

Testen går bra for Nordnes. Ho hamnar på gjennomsnittstida for menn, men er sjølv litt skeptisk til å gå inn i Forsvaret.

Ingrid Nordnes

SKEPTISK: Ingrid Nordnes

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er litt fordi eg allereie har fått meg hybel og slikt til neste skuleår, så difor har eg ikkje så lyst inn, seier Nordnes.

Ho tykkjer derfor heller ikkje så godt om den nye ordninga.

– Eg hadde helst sett at vi kunne velje, men det er vel dette med likestilling som er greia.

Sjølv om ho ikkje kunne tenke seg ta førstegongsteneste sjølv, meiner ho likevel at kvinner har noko å bidra med i Forsvaret

– Det er svært mange kvinner som har noko å bidra med. Det er mange som er fysisk og mentalt sterke, og eg synest det er positiv at kvinner får sjansen til å vere med å forsvare landet, seier Nordnes.