Hopp til innhold

Gjestehuset deira vart kåra til fjerde best i landet av gjestene

Enkel standard, men fantastisk fjordutsikt og aktivitetar. Denne oppskrifta har ført gjestehuset Eplet i Solvorn opp i landstoppen. Denne veka fekk dei det synlege beviset.

Agnete og Trond Henrik på Eplet i Solvorn fekk gjev pris.

FEKK PRIS: Trond Henrik og Agnethe har alt hengt opp plaketten dei fekk frå Tripadvisor. Foto: Heidi Lise Bakke

Trond Henrik Eplet og Agnethe Lund er vertskap på det vesle gjestehuset Eplet i Solvorn. Her tilbyr dei reisande overnatting i sovesal og hyggeleg frukost med utsikt over Lustrafjorden.

Gjestane har kåra

Dette ser det ut for at dei mange gjestene set stor pris på. For denne veka fekk dei tilsendt prisen som syner at Eplet er kåra til det fjerde beste gjestehuset i heile landet. Bak kåringa står brukarane av nettsida Tripadvisor.

– Det kom ein postmann forbi her og han hadde med seg ein mystisk pakke og inni der var det ein plakett. Ein Tripadvisor 2013 Winner-plakett. Den måtte vi jo berre henge opp på veggen med ein gong. Vi har vunne prisen som eit hyggeleg gjestehus, kåra av gjestene som har budd her, fortel Trond Henrik og gliser breitt.

Tripadvisor Eplet

GODE TILBAKEMELDINGAR: På nettsida Tripadvisor har Eplet fått svært mange gode tilbakemeldingar.

Foto: tripadvisor.com

– Komplett galskap

Han er nesten i sjokk at kombinasjonen hyggeleg vertskap og enkel standard kan føre til så mange gode tilbakemeldingar som dei har fått på den internasjonale reisenettsida.

– Vi har blitt kåra til det fjerde beste gjestehuset i Norge av dei har som budd her. Dette er jo komplett galskap. Dette er ikkje det 4. beste gjestehuset i Norge, det nektar eg å tru. Men dei som bur her gjev karakter, og vi har fått det frå 70-80 gjester dei siste åra. Det er dei som meiner at det er så bra, smiler ei to austlendingane som har gjort sogningar av seg.

Mange sjekkar på førehand

Dei opplever stadig oftare at langveisfarande gjester, hittil frå 65 ulike land, har lest seg godt opp på kva andre reisande meiner om stadane dei skal besøke.

– Vi har ein del amerikanske gjester som brukar Tripadvisor veldig mykje. Lonely Planet og Rogh Guide er vel framleis hakket viktigare for oss, men det å legge att vurderingar på nett er i tida, meiner vertskapet i Solvorn.

Mykje å gjere om vinteren

– Det er litt stas dette?

– Det er litt stas. No er det jo vinterstengt, men alt frå 1. april kjem dei første gjestene hit til oss. Nett no driver vi å byggjer vårt eige hus ved sidan av her, så det er nok å drive med om vinteren også. Alle dei som har sommardrift veit kor mykje det er å gjere om vinteren også, konkluderer Trond Henrik og Agnethe.