Hopp til innhold

Enoro utvidar staben og etablerer større kontor i Førde

Dataverksemda Enoro skal utvide staben og etablerer større kontor i Førde. Verksemda er leverandør av programvare og tenester til energibransjen, og har i dag hovudkontor i Dale.

Anders H. Lier og Enoro

AUKAR STADIG: Konsernsjef Ander H. Lier og Enoro i Dale opplever gode tider

Foto: NRK / Enoro

– Vi ser at det er stor etterspurnad etter våre tenester og difor er det kjekt å kunne etablere nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane som skal betjene kundar i Norge og Europa , seier konsernsjef Anders H. Lier.

Eventyret starta for 24 år sidan. I 1992 vart selskapet skipa som Elis AS av Ove Myklebust. I 2012 skifte dei namn til Enoro AS.

– Vi har hatt lønsam vekst kvart einaste år sidan etableringa, seier Lier.

Kontor i Førde

Verksemda med hovudkontor i Dale, har hatt jamn auke sidan oppstarten, og ved utgangen av 2015 hadde selskapet 129 tilsette.

– I fjor tilsette vi kring 20 personar og kjem til å tilsette mellom 10 og 20 i år, seier Lier.

Enoro har hovudkontor i Dale, og har til no hatt det dei kallar eit avlastingskontor i Førde. No blir dette kontoret styrka og utvida.

– Dale skal framleis vere hovudkontor for den norske verksemda, men vi ser at det har vore behov for å ekspandere ytterlegare og har no bestemt oss for å etablere eit permanent kontor i Førde.

Med Europa som marknad

Enoro er leverandør av programvare og tenester til energibransjen . Kort fortalt samlar verksemda inn opplysningar om forbruket til husstandane som dei fakturerer for straumselskapa. Dei lagar og appar og kundeløysingar for energiselskapa

– Nesten alle energiselskapa i Norge er i dag kundar hos oss. Det er fordi vi har vore med på å effektivisere arbeidsprosessane for energiselskap slik at dei i sin tur kan bruk meir på pengar å skape gode løysingar for sine kundar, seier Lier.