Hopp til innhold

Engebøfjellet kan bli valkampsak

Naturvernforbundet vil gjera alt dei kan for å stogga utbygginga av Engebøfjellet i Vevring

fakkeltog i Vevring

Laurdag gjekk innbyggjarar i Vevring i fakkeltog i protest mot Nordic Mining sine planar.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

- Vi kan utfordre partia i samband med valet om korleis dei stiller seg til eit så stort naturinngrep, seier Lars Haltbrekken, leiar i Norges Naturvernforbund.

Dei kastar seg no inn i kampen mot utbyggjing av Engebøfjellet i Vevring. Selkapet Nordic Mining vil ha utsleppstillatelse for uttak av mineralet rutil i Engebøfjellet. Her ligg verdas største, kjende førekomst av rutil.

Vil omsette for milliard

Selskapet reknar med ei omsetjing i milliardklassa i løpet av driftsperioden.
I januar kjem konsekvensutgreiinga for utbyggjinga, men Haltbrekken seier dei reelle miljømessige konsekvensane ikkje kjem fram.

- Dette er jo eit kjempestort inngrep i naturen der ein planlegg å dumpe enorme mengder steinmasse i ein nasjonal laksefjord. Så dette er noko vi ser svært alvorleg på.

- Ingen naturkatastrofe

Jan Herstad i Nordic Mining vil avvente situasjonen og sjå kva konsekvensutgreiinga seier, og kva politikarane i Naustdal meiner om saka.

- Dette handlar ikkje om noko naturkatastrofe. Det handlar om at vi utnyttar ein ressurs som er i Engebøfjellet. Det er snarare eit spørsmål om vi i Norge skal utnytte slike ressursar, eller skal det skje i fjernare himmelstrøk, seier Herstad.

Fakkeltog laurdag

I Vevring var det fakkeltog mot utbygginga laurdag ettermiddag , og to hundre personar møtte opp. Folk i bygda er redde for forureining og øydelegging av Førdefjorden om 280 millionar tonn slam vert dumpa i fjorden i driftsperioden til Nordic Mining- slik det er tenkt.

Haltbrekken meiner saka er så viktig at den kan bli ei av dei største naturvernsakene i valkampen neste år. No vil han gå til den raudgrøne regjeringa for å informere om byggjeprosjektet.

- Vi kjem sjølvsagt snakke med regjeringspartia, men også med miljø-opposisjonen; Venstre og Krf, seier Haltbrekken.