NRK Meny
Normal

Omorganisering lagt på is - Regjeringa vil sjå brann- og politiberedskapen i samanheng

Regjeringa legg på is den planlagde samanslåinga av brannvesenet i Norge. – Det burde vore gjort før, meiner brannbefalsforbundet.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

LAGT PÅ IS: Justisdepartementet legg førebels på is den mykje omtala omorganiseringa i brannberedskapen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det betyr likevel ikkje at det er kroken på døra for omorganiseringa som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjerne vil få gjennomført.

Magne Igland

LEIAR: Magne Igland er fylkesleiar for Norsk Brannbefalsforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Flora brannvern

Justisdepartementet ynskjer å sjå omorganiseringa i samanheng med endringar som kan skje på politifronten.

– Eg tykkjer det er veldig positivt at dei ser på alt som går på beredskap. At dei ser samla på både brannkorps og politi, seier Magne Igland, leiar for Norsk Brannbefalsforbund i Sogn og Fjordane.

Har lukkast i Florø

DSB tilrår langt færre brannkorps enn i dag og vil slå saman fleire av alarmsentralane i landet.

Igland, som sjølv risikerer å sjå eigen alarmsentral i Florø bli slått saman og flytta til Bergen, tykkjer det er merkeleg at ein ikkje tidlegare har ville sett sentralane i samanheng.

Kjetil Drange

LEIAR: Kjetil Drange er leiar for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Spesielt når ein ser på 110- og 112-sentralane, så er det klart at dette er ting som høyrer veldig nøye saman. Samlokalisering av sentralane er noko vi har fått til her i Sogn og Fjordane, seier han og meiner det er gjort for dårlege undersøkingar i saka.

– God idé, men ...

I dag er det berre gjort separate studiar av kvar naudetat. Målet til departementet er at politidistrikt og brannkorps skal dekkje dei same områda og ha ein felles alarmsentral.

Anne Rygh Pedersen

HASTAR: Anne Rygh Pedersen meiner det hastar med å få gjennomført omleggingane i brannberedskapen.

Foto: DSB / Presse

Dette tykkjer Kjetil Drange, leiar for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, er ein god idé om ikkje begge sentralane blir sentraliserte.

– No ser dei beredskapen i eit større perspektiv, men å flytte alt ut av politidistriktet har eg vanskar med å sjå vil bli så revolusjonerande mykje betre, seier Drange.

– Det hastar

Anne Rygh Pedersen, avdelingsingeniør i DSB, held fast på at det hastar med å få organisere brannvesenet og alarmsentralane i større einingar.'

– Vi håper det ikkje blir ei lang utsetjing. Det er ein grunn til at vi har hatt det travelt med å få det gjennomført, seier ho og likevel støttar justisdepartementet i at omorganiseringane bør sjåast i samanheng.

– Det er ei avgjerd vi både støttar og forstår.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.