Hopp til innhold

Kan bli utan eigen alarmsentral

Sogn og Fjordane kan i framtida bli utan eigen alarmsentral. Vil føre til dårlegare beredskap, meiner leiar.

Brannmannskap og tilsette i brannalarmsentralen i Sogn og Fjordane fryktar viktig lokalkunnskap går tapt dersom over halva av brann- og naudalarmsentralane blir lagde ned.

SJÅ TV-SAK: Alarmsentralen i Sogn og Fjordane kan bli lagt til Bergen.

Får Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) det som dei vil kan dagens 20 naudalarmsentralar for brann og redning bli redusert til berre elleve. Ifølgje Bergens Tidende vil det for Vestlandet sin del bety at sentralane både i Florø og i Ålesund forsvinn.

Terje Brandsøy som er leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier han førebels held seg roleg. Det er kommunane som betaler for sentralen og Brandsøy meiner dei får gode tenester igjen for pengane.

– Vi har tusen aksjonar vi sender brannvesenet ut på i året. Eg har vore på 110-sentralen i 15 år, og vi har ikkje hatt ei einaste oppgåve vi ikkje har løyst tilfredsstillande, seier han til Bergens Tidende.

Bakgrunnen for DSB sine planar om å kutte i talet sentralar er at dei meiner mange av dagens sentralar er for små til å handtere store kriser.

Leiaren ved alarmsentralen her i fylket meiner på si side at innbyggjarane vi få dårlegare beredskap om sentralen blir flytta til Bergen. Mellom anna viser han til at lokalkunnskap er svært viktig.

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

ROLEG: Dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane meiner beredskapen i Sogn og Fjordane vil bli svekka om sentralen i Florø blir flytta til Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK