Hopp til innhold

Har skåra sju mål på seks kampar - på utlån

Endre Kupen (25) har gjort ei aldri så lita lynkarriere i fotballen. Frå å vere fjerdedivisjonsspelar i vår er han no toppskårar på Florø i andre divisjon.

 Endre Kupen

MÅLTJUV: Ser ein vekk frå dei fire minutta han spelte mot Førde har Endre Kupen skåra eitt mål i snitt sidan han kom til Florø.

Foto: Stig Høynes

Endre Kupen

TOPPSKÅRAR: Med seks mål på sju kampar er Endre Kupen no toppskårar for Florø.

Foto: Privat

– Det var no eller aldri, eg måtte berre ta sjansen, seier 25-åringen frå Venøy i Selje.

Etter å ha vore fotballspelar «heile livet» har han på få månader spelt seg opp to divisjonar. Vårsesongen spelte han for Tornado Måløy i 4. divisjon, men i slutten av august vart han henta til Florø. Etter ein kamp på andrelaget i 3. divisjon fekk han ta steget opp i 2. divisjon.

Der har han bokstavleg talt sparka frå seg. På sju kampar har han skåra seks mål.

– Det er kjekt at det fungerer, seier Kupen som ikkje likar å skryte over eigen innsats.

– Skårar eitt mål i snitt

Skryte over innsatsen gjer Florø-trenar Terje Rognsø gjerne.

Terje Rognsø

ANGRAR IKKJE: Terje Rognsø seier Endre Kupen har vist at han var moden for å ta steget frå fjerde til andredivisjon.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han har vist seg å vere ein som skårar eit mål i snitt, og då blir vi eit betre lag og får betre resultat, samtidig viser han at han hadde eit høgare nivå inne enn det han har vore på.

Den unge nordfjordingen kan bli ein redningsmann for Florø. I sommar vart det klart at måltjuven Halvor Solheim-Olsen flyttar til England for å gå på skule, og Rognsø byrja sjå seg om etter ein lokal erstattar.

– Vi kjente Kupen godt frå før. Eg har alltid følt at han har meir inne, og vi angrar ikkje på at vi tok kontakt med han, seier Florø-trenaren.

Han seier Kupen har både målteften og tempoet inne til å gjere det godt i 2. divisjon. Med seks mål er han saman med Solheim-Olsen toppskårar på Florø.

– Stor skilnad

– Det er vanvitig stor skilnad frå fjerde til andredivisjon. Det er høgare tempo og betre spelarar rundt meg, det gjer meg også god, så det er veldig kjekt, seier Kupen.

Han er på utlån til Florø ut 2015, og har ikkje bestemt seg for kva han skal gjere vidare. Med jobb, hus og ein gravid sambuar i Måløy må han gå i tenkeboksen. Dei siste månadane har han brukt opp all ferie og avspasering for å få kampar og trening til å gå opp.

– Det er verdt det. Men eg kan ikkje drive på slik ein heil sesong, seier Kupen.

No er fokuset dei to siste seriekampane. Sju lag ligg svært tett på poeng og kan alle kapre andreplassen i avdelinga. Elverum og Nardo ligg best an med 38 poeng, medan Florø har 36 poeng.

– Eg vil og håpar at vi vinn dei to siste kampane. Då håpar eg at vi tek ein andre eller tredjeplass, seier Kupen.