Hopp til innhold

Endeleg tilsynsrapport klar

Sogndal kommune er nøgde med at Fylkesmannen har teke omsyn til fleire av deira innspel i sin endeleg rapport om Sogn barnevern. Barnevernstenesta i Sogn fekk krass kritikk i den første tilsynsrapporten der det vart peika på 11 avvik. Kommunen klaga på fleire av punkta i rapporten. I ei pressemelding frå Sogndal kommune skriv dei at dette no er redusert til 8 avvik, og at risikoen for avvik ikkje nødvendigvis har ført til svikt. Rådmann Jostein Asaestad skriv likevel at funna frå tilsynet er alvorlege.