Hopp til innhold

Sogn barnevern krev ny vurdering

Sogn barnevern får hard kritikk i ein tilsynsrapport frå Fylkesmannen. No tek dei til motmæle. Dei krev ny vurdering, og dei meiner at revisjonsleiaren kan vere inhabil.

Tilsynsrapport fylkesmannen sogn barnevern

UEINIG: Sogndal kommune har innvendingar mot dei fleste av de elleve avvika i tilsynsrapporten frå Fylkesmannen.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

Sogn barnevern har fått sterk kritikk i fleire saker. Blant anna då ei 12 år gamal jente døde i ein fosterheim. I desember la Sogndal kommune seg paddeflate og innrømte alvorlege lovbrot i Sogn barnevern. I ei pressemelding frå Sogndal kommune kom det mellom anna fram at barnevernet ikkje grip inn med undersøkingar og tiltak ofte nok. No slår kommunen tilbake mot kritikken frå Fylkesmannen.

Ueinig med Fylkesmannen

I eit ferskt svar til Fylkesmannen har rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, innvendingar mot dei fleste av dei elleve avvika i tilsynsrapporten. Det skriv Bergens Tidende.

Jostein Aanestad

AVVIK: Rådmann i Sogndal Kommune, Jostein Aanestad, meiner at Fylkesmannen bør gjere ei ny vurdering av rapporten basert på kommunen sine innvendingar.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Kommunen meiner det på visse område er stort sprik mellom funna i tilsynsrapporten og det dei sjølv har funne i sin gjennomgang.

– Vi meiner difor at Fylkesmannen bør gjere ei ny vurdering av rapporten basert på våre innvendingar. Vi vil også be om eit møte der vi i fellesskap kan gå igjennom kritikken, seier Aanestad til Bergens Tidende.

Meiner revisjonsleiaren er inhabil

Sogndal kommune meiner også at Line Pedersen Døsen, som var revisjonsleiar for rapporten, kan vere inhabil. Ho var fram til sommaren 2010 tilsett som barnevernskurator i Sogn barnevern.

– Mi inhabilitet vart vurdert av juristar hos Fylkesmannen. Vi meiner at eg ikkje er inhabil, seier Døsen, som er rådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

–Vi har gjort eit dokumenttilsyn for dei to siste åra. Ei periode som er lenge etter at eg slutta, seier Døsen.

I 2010 hadde ho vore sakshandsamar på tre av sakene som har vorte gjennomgått. Dette har Sogndal kommune peika på.

– Desse sakene har eg ikkje hatt noko med å gjere under tilsynet. Eg har bedd andre om å gå igjennom dei, seier Døsen til Bergens Tidende.