Hopp til innhold

Endeleg scora Sogndal-spissane

- Om det er første runde i cupen, eller eliteseriekamp, så er det alltid kjekt å score mål, seier Cato Hansen etter sine to første mål i obligatorisk kamp for Sogndal.

Cato Hansen, Sogndal

ENDELEG1: Cato Hansen blir gratulert av medspelarane etter sitt første mål i ein obligatorisk kamp for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare Brann-spelaren scora for Sogndal i treningskampen mot Årdal.

Etter fem kampar og 403 mållause minutt i serien, fekk Cato Hansen endeleg nettkjenning i ein obligatorisk kamp for saftlaget.

- Det viktigaste er at laget gjer det bra, og at vi byrja å ta poeng i eliteserien, seier 22-åringen.

Terpar og terpar

Det vart stilt store forventingar til Hansen då han kom frå Brann i vinter. Måltørken har ført til ekstra innsats på treningsfeltet.

- Eg trenar avslutningar så ofte som mogleg, og ofte etter trening. Det er det som må til om det skal sitte når du kjem framfor mål: Det er berre øving og repetisjonar du blir betre på, seier han og håpar at måla snart kjem i eliteserien også.

Spissane scora

I firemålssigeren mot Saga på Førde stadion, kom ikkje Hansen seg til så mange klare målsjansar. Først sju minutt før full tid kom den første nettkjenninga etter innlegg frå Mats Solheim. Fem minutt seinare var Ole Jørgen Halvorsen servitør.

Sogndal - Saga

ENDELEG 2: Espen Olsen vert gratulert etter sitt 2-0 mål mot Saga. Det var årets første mål scora av ein spiss.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Same Halvorsen og kaptein Eirik Bakke, begge midtbanespelarar, har scora Sogndal sine einaste mål så langt i eliteserien.

  • SJÅ:

Mot Saga scora også spisskollegaene Ulrik Flo og Espen Olsen. Sistnemnde var først ute i det 20. minutt.

- Vi har eit ungt lag og har ikkje meistra å komme i Tippeligaen. Vi ligg litt lågt på bana, og då blir det vanskeleg å kunne score når ein ikkje kjem til så mange sjansar. Vi må ha fleire sjansar, så blir det mål til slutt, seier Hansen.

Måndag 9. mai kjem Viking til Fosshaugane Campus.