Hopp til innhold

Endå eit innbrot i Florø

Det har vore nok eit innbrot i Florø. Natt til onsdag var det kantina til Kleven som fekk besøk av ubedne gjester.

Politiet fikk melding klokka 07.20 onsdag om at tjuvar har teke seg inn i kantina og forsynt seg med tobakk og vekslepengar.

Politiet rykte ut for å skaffe seg oversikt over kor mykje som er teke og for å sikre spor.

Den siste tida har det vore ei rekkje innbrot i Florø. Seinast natt til tysdag vart det gjort tre innbrot. Politiet har ingen mistenkte, og ber no om hjelp frå publikum.

Innbrot over heile fylket

Denne veka har det vore svært mange innbrot over heile fylket, i Årdal og Lærdal var det innbrot og hærverk på til saman 18 bilar. I Hjelmelandsdalen i Eid har det vore gjort innbrot og hærverk på fleire hytter og sel. Og i Flora pågår det ei bølgje av tjuveri, blant anna har det vore innbrot på kommunen sitt tenestetorg og Florahallen, i tillegg har fleire bedrifter hatt innbrot. Seinast i dag tidleg vart det meldt om innbrot i kantina på Kleven-verftet. No fryktar politistasjonsjefen i Florø, Nils Erik Eggen, fleire grove tjuveri i Sogn og Fjordane framover.

Politiet ser alvorleg på det som no skjer, og vil no sette inn store ressursar på å få stoppa tjuvane.