Hopp til innhold

Rykte ned med Sandnes Ulf – kan likevel hamne i eliteserien

Årdølen Henrik Furebotn kan likevel bli å finne i eliteserien neste år. Siste halvannan månaden har fleire eliteserieklubbar meldt si interesse.

 Steinthor Thorsteinsson i duell mot Ulfs Henrik Furebotn

VURDERER: Henrik Furebotn (t.h.), her i duell med Vikings Steinthor Thorsteinsson, stadfestar at det er eliteserieinteresse kring han.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Midtbaneterrieren frå Årdal er ein ettertrakta mann. I år figurerte han i 24 av Sandnes Ulf sine 30 seriekampar. Diverre enda 11 av dei med tap.

Etter degraderinga til 1. divisjon vurderer han no sjansane for å bli verande i eliteserien.

– Det er interesse frå eliteserieklubbar, ein to-tre klubbar blant topp ti. Interessa har kome den siste halvannan månaden, seier Henrik Furebotn.

Rykte ned

Furebotn reiste frå Fosshaugane og Sogndal før 2013-sesongen. Etter to sesongar med Sandnes Ulf, kan det vere duka for nytt klubbskifte for årdølen.

Blåtrøyene fekk ein svært tung sesong, og sjølv om Tom Nordlie erstatta Asle Andersen som trenar, var ikkje nedrykket til å unngå.

Laget vart sist med sju poeng avstand til Brann på kvalifiseringsplass. Med Sogndal på nedrykksplassen imellom.

– Eg har ikkje fått konkrete tilbod per no, men eg ynskjer å snakke med klubbane og sjå kva interessa fører til før eg møter Sandnes Ulf att i starten av desember, seier Furebotn.

Ynskjer å bli på øvste nivå

For i første omgang vil 28-åringen snakke med eliteserieklubbane som siste halvannan månaden har meldt si interesse for tenestene til årdølen.

– Eg stressar det ikkje, men det hadde vore greitt å vite før jul kvar eg skal vere i januar, seier Furebotn.

– Kva freistar mest? Eliteserien eller 1. divisjon?

– Det seier seg sjølv. Eliteserien. Eg er berre 28 år og kunne godt tenkt meg å halde fram på øvste nivå.

Sogndal mindre aktuelt

Dermed ser det ut til å vere små sjansar for gjensyn med Furebotn på Fosshaugane neste sesong. Heller ikkje som Sogndal-spelar under Eirik Bakke.

Den tidlegare englandsproffen har lova ein sterkare lokal profil, og store endringar, når han over nyttår tek over som Sogndal-trenar etter Jonas Olsson.

– Eg har snakka litt med Bakke og planane hans verkar spennande. Men også Sogndal rykte ned, og det er berre to år sidan eg reiste frå klubben, seier han.

– Eg vil ikkje spekulere for mykje, men det blir mindre aktuelt med spel i Sogndal når det også er interesse frå Eliteserien, avsluttar Furebotn.