Hopp til innhold

Elevar var sjokkerte, men ikkje Steinfeld

Medan mange slit med å forstå utfallet av det amerikanske presidentvalet fekk elevane ved Eid vidaregåande skule god hjelp. Den tidlegare utanrikskorrespondenten i NRK, Hans-Wilhelm Steinfeld, hadde teke turen til Nordfjordeid for å halde foredrag.

Hans-Wilhelm Steinfeld

IKKJE OVERRASKA: Hans-Wilhelm Steinfeld forklarte elevane kvifor han meiner Trump vann valet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

For mange av elevane var like overraska over at Donald Trump blir president i USA som eit samla korps av norske – og amerikanske ekspertar på politikk. Thea Mavropoulos seier ho vart sjokkert då ho vakna og fekk vite utfallet.

– Eg synest det er heilt uverkeleg, eg trudde ikkje det var sant, eg trudde ikkje at det kunne skje. Det er heilt utruleg, og det er skremmande.

– På kva måte er det skremmande?

– Han har så mange utsegner om ulike ting. Om han har tenkt å gjennomføre det, så kjem vi og til å merke det.

Thea Mavropolous, Markus Frislid og Dagny Sunde

SJOKKERTE: Frå v. elevane Thea Mavropolous, Markus Frislid og Dagny Sunde.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Heilt sjukt

Dagny Sunde fortel at ho hadde alarmen på tidleg for å sjekke.

– Då var det ikkje avgjort, men eg har hatt ei magekjensle lenge av at han kom til å vinne. Eg veit ikkje kvifor, men det er heilt sjukt at dette er det beste USA kan hoste opp.

– Kvifor trur du folk har røysta på han?

– Folk er kanskje desperate og vil ha ei kjempestor forandring og trur at dette er måten å gjere det på.

Markus Frislid seier at han hadde venta at Trump vart president.

– Men eg håpa sjølvsagt på at Hillary skulle bli vald. Eg trur det blir fire veldig ustabile år for verda. Vi såg at alle børsane fall, fordi folk er usikre på kva Trump kjem til å gjere.

Elevar Eid vg skule

ENGASJERTE: Temaet til Steinfeld interesserte elevane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Folk er sinte

Dei fekk saman med dei andre elevane høyre ein Hans-Wilhelm Steinfeld, som hevda at han slett ikkje er mellom dei som er veldig overraska over at Donald Trump vann presidentvalet.

– I USA har vi sett ein sosial degenerasjonsprosess i arbeidarklassen og middelklassen. Middelklassen har ikkje sett ein lønsauke på 30 år, mange har mista hus og heim på grunn av finanskrisa i 2008.

Han har høyrt om folk som ikkje har hatt råd til å gå til tannlege på 25 år.

– Folk blir sinte av slikt, og er du sint blir du uføreseieleg. Det er hovudsektoren under sigeren til Trump.

– Har totalbomma

Når elevane på skulen seier dei er redde for framtida, meiner Steinfeld det ikkje treng vere grunn til det.

– Dei har lese norske medium, og norske medium har totalbomma, fordi dei er politisk korrekte og vil berre fokusere på det som er politisk korrekt. Difor blir mykje feia under teppet.

Han meiner at det går an å trekkje parallellar til norsk politikk.

– Venstresida og dei liberale her i landet har fokusert altfor mykje på klima og sympati for innvandrarar, og dei har gløymt å trygge arbeidsplassane. Det same gjeld i Storbritannia og i USA.