Hopp til innhold

Florøspelarane opplevde USA-valet på nært hald

Florø fotball er i Las Vegas og opplevde valdagen på nært hald. – Her i området er amerikanarane flaue og sjokkerte, seier trenar Terje Rognsø.

Florø fotball på tur til Las Vegas

SAMLING: Spelarane i Florø fotball samla i Las Vegas før valresultata kom inn.

Foto: Privat

Florø fotball er no på den mykje omtala turen til Las Vegas, som trenar Terje Rognsø lova etter snuoperasjonen mot Vard Haugesund i april.

Her har dei unge spelarane fått sjå valkampen, og ikkje minst sjølve valdagen, på nært hald. Trenar Terje Rognsø seier at dei sit med ei spesiell kjensle.

– Det er eit sjokk for oss og alle rundt oss, det som har skjedd her i kveld. Det er urovekkande. For meg er det ikkje tvil om at dette landet treng alvorleg hjelp. Men for mange av dei unge spelarane som ikkje er kjend med politikk, er det også eit sjokk. Dei forstår ikkje at ein slik fyr kan bli president, seier Rognsø på telefonen.

Hatt samkome

Det er midt på natta i Las Vegas då NRK ringer og Florø-laget har nett avslutta ein samkome for heile laget.

– Vi opplever at amerikanarane har valt ein president som er mindre evnerik. Så eg har rett og slett skrive ei melding på Facebook om at me bør kome oss heim, seier Rognsø, som uansett skulle heim i morgon. Spelarane blir ein dag lengre.

I Las Vegas har spelarane vore på omvising både i helikopter og på bakken. Rognsø føler at dersom dei spør om valet, så blir amerikanarane i Las Vegas litt brydde.

– Vi opplever at amerikanarane er flaue over presidentvalet. Dei gøymer seg litt vekk når vi snakkar om valet. Ei gjengs oppfatning er at dei tykkjer dei har hatt to dårlege kandidatar å velje mellom. Og at dei no er i sjokk over at landet har klart å velje han dei har vald, seier Rognsø.