Hopp til innhold

Elevane vart tryggleiksklarert før «siste flight»

Dei siste elevane ved Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden måtte gjennom ein grundig tryggleikskontroll før dei fekk ta ferie.

Torsdag var Mo og Jølster vidaregåande skule sin aller siste dag. Det visste elevar og lærarar å markere.

SJÅ VIDEO: Slik markerte elevar og lærarar siste dag ved Mo og Jølster vidaregåande skule. (FOTO: ERLEND BLAALID OLDEIDE/REDIGERING: ODDLEIF LØSET)

Etter 69 år med vidaregåande skule på Jølster, er det no slutt. Difor var det skipa til ein avskjedsfest utanom det vanlege då elevane kom til «siste flight» i dag.

Gymsalen vart blitt avgangshall og lærarane sett i rolla som tryggleikskontrollørar og flypersonale.

– Vi er heldige som har lærar som lagar så gjennomtenkt tema, gliser ein av elevane.

Tapte kampen

Torsdag 19. juni skriv seg inn i historiebøkene som den siste for skulen på Vassenden. Med kraftig reduksjon i elevtalet dei kommande åra, måtte fylkeskommunen sjå på skulestrukturen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tryggleissjekk siste skuledag på Jølster.

SISTE FLIGHT: Elevane måtte gjennom tryggleikskontrollen før dei fekk ta steget frå skulen på Vassenden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For den tidlegare heimeyrkesskulen, som også tidlegare har vore nedleggingstruga, vart det kroken på døra.

– Det er dumt. Det er ein tradisjonsrik skule som har utvikla veldig bra folk innan media og dei andre linene som er her på skulen, seier Tage Pettersen, som fekk siste dag ved skulen som flykaptein.

– Vemodig dag

Tryggleissjekk siste skuledag på Jølster

NØGDE: Elevane er tydeleg nøgde med å gå til ferie.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Medieeleven leia elevane gjennom programmet, der både underhaldning og god mat hadde fått plass. Etter eitt år på skulen tykkjer Pettersen det er vemodig at det no er siste skuledag. Både for elevane og skulen.

Ny skule blir det også for mange av lærarane .

– Det har vore meir enn nok med eitt år til å knyte sterke band med både elevar og lærarar. Det er ein fantastisk skule, og eit veldig godt og nært miljø der alle er gode vener og tek godt vare på kvarandre. Det blir vemodig å reise, seier han.

VIP-billettar

Samstundes sjekkar elevane inn på «flyavgangen» som skal ta dei vidare i livet.

Tryggleissjekk siste skuledag på Jølster

LANG REKKJE: Elevar måtte av med klokker, sko og jakke før dei fekk kome inn i «flyet».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Nokre har VIP-billettar. Dei får ta med seg det dei vil. Innanriks, spesielt Sogn og Fjordane, går eigentleg greitt igjennom dei også. Dei som skal utanriks, sjekkar vi nøye, humrar ein av lærarane.

Men sjølv om det var siste dag med vidaregåande elevar på skulen i Jølster, var ikkje alle like vemodige.

– Vi ventar eigentleg berre å få gå. Eg gler meg berre til ferie, smiler Amalie Vie. For dagen flyvertinne.

God skuleeigar

Rektor Trygve Jacobsen kjende på ei positiv stemning, sjølv om det var ein sørgmodig dag.

– Stemninga er trass alt ikkje vemodig. Det viser at dei trur på framtida, og den omstruktureringa som blir gjort, seier han. I talen sin understreka han at fylkeskommunen har vore både den beste skuleeigaren og beste arbeidsgjevaren i landet.

– Vi har fått gode økonomiske vilkår. Dei har stilt opp med veldig gode verkemiddel i ein omstillingsprosess for alle tilsette, seier han.

– Naudsynte grep

– Men det er den same fylkeskommunen som legg ned skulen. Mange ville vore fortvila, forbanna og bitre?

– Vi må akseptere i ein politisk organisasjon, å innstille oss etter dei vedtak som politikarane gjer. Med fylkeskommunen sine generelle rammevilkår og fallande elevtal, så var dei nøydde å gjere omstruktureringar.

Det betyr likevel ikkje at Jacobsen reiste frå skulen med lett hjarte.

– Skulen har vore ein tradisjonsberar for dei estetiske faga som har vore berebjelken for utdanninga her på Jølster, til vi fekk utvida med media om kommunikasjon som gav oss utvikling innan design, seier han.