Hopp til innhold

Marte Kristine sat i ulukkesbussen der to medelevar omkom

Marte Kristine (20) mista to klassevenner i bussulukka i Kenya. Faren seier ho no blir flytta over til eit sjukehus i Nairobi.

Bussen som var involvert i ulukka i Kenya

KRASJA MED LASTEBIL: Det var denne minibussen som kolliderte i Kenya laurdag.

Foto: Ap Photo

Ei kvinne og ein mann i 19-20-årsalderen omkom då minibussen dei sat i, kolliderte med ein lastebil ved Nanyuki laurdag. Det opplyser pressekontakt Kristin Enstad i UD til NRK.no.

– Vi hjelper no skulen og forsikringsselskapet med den hjelpa dei måtte trenge. Vi har sendt to tilsette frå ambassaden i Nairobi til ulukkesstaden. I tillegg sender UD to tilsette frå Norge som har kompetanse med ulukkeshandtering, seier Enstad.

To kvinner frå Førde involverte

20 år gamle Marte Kristine Flaten frå Førde blei skadd i den alvorlege bussulukka i der dei to norske elevane omkom. Ei anna kvinne frå Førde slapp fysisk uskadd frå ulukka.

Harald Flaten er far til Marte Kristine som sat i bussen som kolliderte med ein lastebilen. Han seier det etter forholda står bra til med ho.

– Ho er lettare skadd og er på sjukehus. Ho skal bli flytta over til eit sjukehus i Nairobi for vidare undersøkingar, seier han til NRK.no.

– Tragisk når medelevar døyr

Bussulukke i Kenya

STORE SKADER: Bussulukka skjedde ved Nanyuki i Kenya laudag føremiddag.

Foto: STRINGER / Reuters

Elevane var på ein tre vekers skuletur med Valdres folkehøgskule. Det var tre minibussar som køyrde saman. Ulukka skjedde då bussane var på veg frå Mont Kenya til Nairobi. Den eine minibussen kolliderte med ein lastebil. Ifølgje eit kenyansk nyheitsbyrå skal lastebilsjåføren mista kontroll over køyretøyet og hamna i motsett køyreretning.

I bussen som kolliderte sat det 11 norske elevar. To av dei omkom, åtte blei sende til sjukehus med skader og ein kom uskadd frå det.

– Det er tragisk når medelevar døyr og no går tankane vår til dei som mista sine, seier Harald Flaten.

– Ei tøff påkjenning

Også for Jon Olav Leira i Førde blei det ein dramatisk laurdag då rektoren ved folkehøgskulen fortalde kva som hadde skjedd. Dottera Sunniva Thingnes Leira sat i den bakarste bussen i følgjet.

– Ho sat i ein av bussane som ikkje var involvert i ulukka. Men det er klart dette er ei tøff påkjenning. Dette var dramatisk og elevane har det vanskeleg no, seier han.

Eit sterk møte med dei skadde

Faren fortel at Sunniva og dei andre har vore på sjukehuset for å møte dei som blei skadde.

– Ho fortel at det var eit sterkt møte med dei som sat i bussen som kolliderte.

Leira fekk vite om ulukka klokka 15 laurdag ettermiddag. Rektor ved folkehøgskulen fortalde kva som hadde skjedd.

– Vi fekk vite at Sunniva var uskadd, men det har vore tøft for oss det som har skjedd, seier han.

Veit ikkje når døtrene kjem heim

Valdres folkehøgskole søndag formiddag.

SKAL SAMLAST: Dei som er på skulen møtast i dag for å snakke om ulukka.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Elevane skulle drive med friluftsliv og bistandsarbeid i Afrika. Dei reiste til Kenya 12. februar og etter opphaldet her skulle turen gå vidare til Tanzania og Zanzibar. Etter planen skulle dei kome heim 6. mars. Ingen av fedrane veit enno når døtrene kjem heim til Norge.

– Heimreisa veit vi ikkje noko om enno, seier både Flaten og Leira.

Valdres folkehøgskule skriv på nettsida si at Utanriksdepartementet har oppretta ein krisestab på tre personar og to diplomatar. Dei reiser til Kenya søndag føremiddag for å hjelpe elevane og dei tilsette.

Dei skadde blir flytta over

Tilstanden til dei åtte som blei skadde, er no stabil. Dei blir flytta over til Nairobi Hospital i løpet av dagen. Søndag kveld kjem to prestar frå Sjømannskirken til hovudstaden for å hjelpe til i sorgarbeidet.

Dei elevane som ikkje er fysisk skadde, blir i dag flytta til YMCA i Nairobi. Ifølgje folkehøgskulen blir det snarleg teke ei avgjerd om heimreisetidspunkt for desse elevane. Når dei gjeld dei skadde elvane, gjer legane ei fortløpande vurdering om når dei kan få reise heim til Norge.

Skulen har oppretta krisetelefon på nummer 92 267 257. Krisestaben til Utanriksdepartementet har nummer 23 95 00 00.