Hopp til innhold

Fleire køyrer el-bil - kan føre til utfordringar i straumnettet

Salet av elbilar aukar på Vestlandet, men samstundes som den miljøvennlege bilen vinn terreng i den norske bilparken, kan straumnettet få utfordringar fryktar kraftbransjen.

 Salet av el-bilar aukar kraftig på Vestlandet. 
- fører til utfordringar for straumnettet, som kraftselskapa meiner må forsterkast.

– Vi ser at det er ein god del interesse kring elbil. Nokre er uroa for om straumnettet vil tolke lading av bilen heime. I dei fleste tilfelle vil det gå greitt, men vi ser også at nokre ynskjer å kjøpe kraftigare ladarar, fortel Ole Gaute Hovstad, prosjektleiar i Sogn og Fjordane Energi.

Han siktar til dei som etter å ha brukt bilen på jobb er utolmodige etter å ha ein fullada bil ståande klar i garasjen til køyring på ettermiddagens fritidsaktivitet.

Kraftkrevjande utstyr kjem for fullt i alle heimar

Ei av dei som har fått auga opp for elbil, er Kristine Dahl. Ho pendlar dagleg frå Nordfjordeid til Sandane, ei strekning på tre mil.

Kristine Dahl pluggar i for å lade el-bilen

PENDLAR I ELBIL KVAR DAG: Kristine Dahl dei tre mila frå Nordfjordeid til Sandane med elbil kvar dag.

– Vi hadde tenkt at elbilen skulle vere bil nummer to, men no er det den bilen vi føretrekker og brukar som bil nummer ein, fortel ho.

Dei som køyrer elbil og skal lade bilen, må bruke det vanlege straumnettet, og ofte er det berre å plugge leidningen i ei kontakt i garasjen eller i spesielle ladepunkt.

Når det då er auke i talet på elbilar, og fleire i tillegg skaffar seg induksjonstoppar, varmtvasstankar og anna kraftkrevjande utstyr i heimen, meiner straumbransjen at kraftnettet må rustast opp.

– Det er eit viktig tema i bransjen, og vi har folk som sit tett på dette kvar dag, seier Hovstad.

Føl salet av elbilar nøye

Han fortel at kraftbransjen føl utviklinga i el-bilsalet tett, og prøver å gjere grep som sikrar straumforsyninga. Mellom anna prøver dei å sørgje for at det langs heile E-39, som er hovudfartsåra, er ladestasjonar, slik at færrast mogleg skal vere redde for å gå tom for straum.

– Når vi planlegg hurtigladestasjonar, så plasserer vi dei der nettet er sterkt og toler det. Tidlegare hadde elbilar ei rekkevidd på ti mil, medan no er det oppe i 20. Det er uansett viktig å ha nok ladestasjonar med korte avstandar mellom, slik at folk ikkje får rekkeviddeangst, og dermed vegrar seg for å kjøpe elbil, seier Hovstad.

Ole Gaute Hovstad i SFE

KRAFTBRANSJEN MEINER NETTET MÅ RUSTAST OPP: Talet på elbilar stig, og dermed blir det større press på straumnettet, noko som gjer at det må rustast opp, seier Ole Gaute Hovstad, prosjektleiar i Sogn og Fjordane Energi.

Dahl stolar på sin bil, men er klar på at det lading av bilen kan krevje meir etter kvart.

– No pluggar vi leidningen berre i kontakta, men etter kvart kan det bli aktuelt med andre løysingar.