Hopp til innhold

Fylket får fire nye hurtigladestasjonar for elbil

I løpet av første halvdel av 2014 kjem det fire nye hurtigladestasjonar for elbil i Sogn og Fjordane.

Hurtigladestasjonen på Gol er den eneste i Buskerud

FLEIRE SLIKE: Det blir fleire hurtigladestasjonar for elbil i Sogn og Fjordane. Denne ladestasjonen står på Gol i Buskerud.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Me fekk den gledelege nyheita i dag om at det er tildelt pengar til fire nye hurtigladestasjonar i fylket, seier Terje Gjengedal, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Sunnfjord og Nordfjord

Dei fire hurtigladestasjonane kjem på Nordfjordeid, i Florø, på Sandane og i Førde. SFE skal byggja dei tre første, medan det er Sunnfjord Energi som skal setja opp den i Førde.

Frå før av finst det ein hurtigladestasjon på Oppedal ferjekai, og ein for Tesla-bilar i Aurland.

Terje Gjengedal

NØGD: Terje Gjengedal, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, er glad for at dei no kan setja i gang med planlegginga av nye hurtigladestasjonar i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er veldig viktig for fylket å få til infrastrukturen for elbilar, og det er veldig gledeleg at dette no kjem på plass. Dei som har venta på ladestasjonar kan glede seg over at hurtigladestasjonane er på plass om ikkje so lenge, seier Gjengedal.

Medan ladetida på ein vanleg ladestasjon kan vera ei tolmodsprøve, er ein hurtigladestasjon nettopp dei: veldig hurtig.

– Ein Tesla (Tesla Motors) kan ladast opp på 40 til 45 minutt på ein hurtigladestasjon, mot 35 til 36 timar på ein vanleg ladestasjon. Det er verkeleg stor forskjell, og det gjer det effektivt å bruke bilen også, seier han.

Gjengedal seier dei ser føre seg at SFE har bygd sine stasjonar i løpet av første halvdel av 2014.

Får støtte av fylkeskommunen og Transnova

SFE og Sunnfjord Energi får støtte av Sog og Fjordane fylkeskommune og Transnova, som er som er eit organ etablert av Samferdselsdepartementet med hovudmål om å bidra til å redusera klimagassutsleppa frå transportsektoren i Noreg.

– Me har kostnadsrekna dette til om lag 600 000 kroner for kvar ladestasjon. Det er tildelt 250 000 kroner frå Transnova til kvart av desse fire punkta. I tillegg går fylket inn med 100 000 kroner til tre av punkta, so for SFE er det snakk om 250 000 kroner for Florø og Eid og 350 000 kroner for Sandane, seier Gjengedal.

– Kor stort er behovet for hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane?

– Det er litt slik at elbilane kjem når hurtigladestasjonane er komne på plass, og me ser at elbilsalet veldig stort nasjonalt. Elbilsalet tek seg opp, og når me no får hurtigladestasjonar i vårt fylke so er det gledeleg for dei som har lyst på elbil, men ikkje ville kjøpa før fleire ladestasjonar var på plass.