Hopp til innhold

El-sykkelen - omsider ein vestlandstrend

FØRDE (NRK): Etter å ha blitt eit populært innslag i trafikken på Austlandet har stadig fleire på Vestlandet fått auga opp for elsykkelen.

Elsykling i bratte bakkar på Vestlandet

BRATT: Fleire vestlendingar let seg freiste til å kjøpe el-sykkel.

– Det verkar som ein er litt treigare her enn på Austlandet. Ikkje berre på elsykkel, men også andre syklar som fatbikes, terrengsyklar og crossyklar. Vi kjem litt etter, seier avdelingsleiar for sykkel på Sport1 i Førde, Kai Ytterhaug.

Kai Ytterhaug

Avdelingsleiar på sykkel på Sport 1 i Førde, Kai Ytterhaug, likar å sykle i motbakke med el-sykkel.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Sykkelen som gjer at det går litt lettare i motbakkane og at sveitten kanskje ikkje renn i strie straumar når ein er framme på skule eller jobb, har kome for fullt dei siste åra. No også på Vestlandet. Ved Sport1 i Førde har dei nyleg utvida utvalet sitt.

– No finst det også elsyklar bygde for norsk klima. Det folk må hugse på er å ta inn batteriet for at det skal lade best mogleg, seier Ytterhaug.

Å kjøpe elsykkel kan vere ei noko større investering enn ein vanleg tråsykkel, og ifølgje avdelingsleiaren kjøper dei fleste syklar til mellom 15 000 og 20 000 kroner. Han trur talet på elsyklar på norske vegar vil auke jamt og trutt.

– Auken blir nok ikkje så stor med det første, men når det blir tilrettelagt så kjem det fleire. Både med og utan elmotor.