NRK Meny
Normal

Sogndalspolitiet i beredskap mot kanari-casuals

Politiet i Sogndal kallar ut ekstramannskap før tippekampen. Dei er blitt åtvara mot kanari-casuals.

Ekstrapoliti i Sogndal

PÅ PLASS: Ekstrapoliti er på plass i Sogndal sentrum i forkant av tippekampen mot Lillestrøm i kveld. Her står ein patrulje ved Lægreidspuben.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Allereie i går kveld kalla Sogndal-lensmann Åge Løseth ut ekstramannskap for å passe på i sentrum av tippeligabygda.

– Det hadde sin bakgrunn i at vi tidleg i veka fekk informasjon at ei bestemt gruppe knytt til supportermiljøet til Lillestrøm skulle kome til Sogndal på laurdag, og at vi kunne forvente ekstra bråk i samband med det.

– Difor valte vi å forsterke mannskapet natt til i dag, og under kampen i dag, fortel Løseth.

Lensmann Åge Løseth

KALLAR INN HJELP: Lensmann Åge Løseth i Sogndal kalla inne ekstramannskap til tippekampen i bygda.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For før, under og etter dagens kamp mot Lillestrøm vil det totalt vere 11 politifolk som syter for ro og orden. Dessutan har både borte- og heimeklubben kalla ut ekstravakter på stadion.

Vil unngå bråk og spetakkel

– Kva seier klubbane om at politiet må styrke beredskapen før ein kamp?

– Eg går ut ifrå at både klubbane og bygda er glad for at politiet tek ansvar slik at vi unngår bråk og spetakkel.

– Korleis gjekk det i natt?

– Det gjekk veldig, veldig bra. Kanarifansen oppførte seg eksemplarisk. Ingen hamna i arresten.

Fotballvakt frå Kanari-fansen

EIGNE VAKTER: Både Sogndal og Lillestrøm stilte med eigne vakter under kampen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Åtvara om casuals

Sogndalspolitiet har ikkje hatt dårlege opplevingar med Kanari-fansen tidlegare, men seier at den konkrete gruppa dei har blitt åtvara mot har merka seg ut i andre politidistrikt.

Det skal vere snakk om såkalla casuals. Det vil seie fotballsupporterar som kler seg i vanlege klede, og er meir opptekne av å slåst enn å sjå på fotball.

Lensmannen seier det er kring 35 medlemmer av denne grupperinga i Sogndal denne helga.

Politiet hadde auka beredskap i Sogndal natt til søndag

PÅ VAKT: Fire patruljer heldt ro og orden i Sogndal, natt til søndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tippar på siger

Men med ekstramannskap frå sine naboar i både Sogn og Sunnfjord, håpar lensmannen at det heile skal gå roleg for seg.

– Eg forventar at det blir ein kjempekjekk kamp. Og eg forventar at det ikkje blir noko særleg spetakkel.

Og siger til Sogndal?

– Ja, det hadde vore prikken over i-en. Eg tippar det blir 2–1 til Sogndal, humrar lensmannen til slutt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune