2800 menneske er klare til aksjonar mot omstridd gruve

Hundrevis er klare til å lenke seg fast dersom Nordic Mining no får ja til å setje i gang drift av det omstridde gruveprosjektet i Naustdal i Sunnfjord.

Trening på sivil ulydnad Førdefjorden

STORE PROTESTAR: Det har dei siste åra vore aksjonar retta mot fjorddeponi og gruvedrift i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Måndag morgon kom nyheita om at Nordic Mining no søkjer om driftskonsesjon for Engebø-prosjektet. Dermed er gruveplanane eit steg nærare realisering og motstandarane gjer seg klar til nye protestar.

– Det er ein omfattande søknad som fortel korleis vi skal drive prosjektet vårt. Det er viktig for norske styresmakter som forvaltar uttak av mineral i Noreg, seier administrerande direktør Ivar Fossum til NRK.

Han fortel at det er ein svært omfattande søknad dei no sender til Direktoratet for mineralforvaltning.

– Søknaden er godt forankra i at vi vil produsere samfunnsnyttige mineral på ein berekraftig måte, seier Fossum.

Klare til aksjonar

Dette er Natur og Ungdom fulltendig usamde i. Leiar Gaute Eiterjord slår fast at dei er klare for nye aksjonar mot fjorddeponi.

– I første omgang vil vi be direktoratet om å avvise konsesjonssøknaden. Men vi er 2800 personar som har skrive oss på liste og som er villige til å aksjonere med sivil ulydigheit, seier Eiterjord til NRK.

Vinteren 2016 lenka aksjonistar seg fast i anleggsmaskiner på Engebøfjellet og politiet måtte til slutt bere dei vekk frå området.

Også i Finnmark er det stor motstand mot fjorddeponi. Her er det selskapet Nussir som vil lagre avfall på fjordbotnen

Dyrt prosjekt

Ivar Fossum i Nordic Mining reknar ikkje med at dei klarer å snu motstandarane sitt syn denne gongen heller. Han støttar seg til at dei har fått både utsleppsløyve og fått regulert området der gruva skal liggje.

– Søknaden om driftskonsesjon representerer ein viktig milepæl for klargjering av prosjektet mot den komande driftsfasen, meiner Fossum.

Nordic Mining legg ikkje skjul på at det vil koste mykje pengar å setje i gang produksjonen av minerala rutil og granat. Selskapet reknar med at det må investerast i overkant av 200 millionar dollar. Per i dag tilsvarar det om lag 1,7 milliardar norske kroner.

– Når finansieringa er på plass, skal vi byrje å byggje, etter planen om 12 månader frå no sånn grovt sett. Vi skal forsikre oss om at vi har ei robust finansiering før vi set spaden i jorda.

Deretter vil det gå to år før dei er i gang med produksjonen.

Ivar Fossum i rettsalen

POSITIV: Ivar Fossum i Nordic Mining er glad for å kunne fortelje at dei no har søkt om løyve til å drive gruva på Engebøfjellet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK