Hopp til innhold

No vil «alle» ha dette leiketøyet

Born landet rundt har fått dilla på spinnarar, eit snurrebass-liknande leiketøy.

Spinners er den nye dingsen alle vil ha.

ÅTGAUM: Borna i skulegarden fylgjer spent med når det rotoraktige leiketøyet dansar i lufta. Video: Anders Mildestveit

I skulegarden på Slåtten skule i Førde, står ein heil flokk ungar i ring ikring ein litt eldre skuleelev. Ein sokalla spinnar hoppar frå finger til finger, spinn mellom tommel og peikefinger, eller roterer lynande raskt medan han vert kasta med i lufta.

Gut spinn spinnaren

SNØGG ROTERING: Eit lite knips med fingeren er nok til å få fart på spinnaren.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Guten har teke spinnekunstane endå litt lenger enn dei hine.

Og, ikkje minst, han skaffa seg ein spinnar før det var for seint. For leikebutikkane kringom i landet undervurderte fyrst trenden, og vart raskt utselde.

– Ikkje sett makan på 30 år

Visse leikar brer om seg som farsotter i skulegardane. Nokre vil hugse den kraftige jojo-bylgja på 1980-talet, eller ungane som sat i ring og spela pog på 1990-talet, eller pokemonkorta som var so populære å byte innbyrdes nokre få år seinare.

Og no er det altso spinnarane som gjeld.

Plakatar om at dei er utselde

UTSELDE: Butikkane lyt melde at dei er førebels utselde for spinnarar.

På "Gyngehesten" i Førde nærast kasta folk seg over leiken før det vart utseld.

– Vi hadde til og med besteforeldre som kom til butikken her for å kjøpe spinnarar som dei sende til barnebarna sine i Oslo, seier butikkstyrar Vera Larsen.

Og grossisten til Gyngehesten hadde ikkje på sine 30 år i bransjen sett ei vare som sel unna so snøgt.

Står i kø

– Eg såg andre i skulegarden spinne, og so googla eg "spinner". Då fann eg filmar med spinnartriks på Youtube, Snapchat og Mystory, seier ein gut i skulegarden som har fått tak i den populære leiken.

Mange born står i kø for å skaffe seg ein, somme hjå leiketøybutikkar, medan andre står i 3D-prentarkø for å få 3D-prenta ein spinnar.

– Min spinnar vert ikkje klar på nokre dagar enno, seier ein annan elev NRK treff i skulegarden.

Spinnaren han har tinga, skal verte prenta på 3D-prentar snart. Og 3D-prentaren skal prente ut kulelageret òg.

– Men eg er litt langt bak i 3D-printerkøen, fortel guten.

– Ikkje berre for moro skuld

Slik ser dei ut

SOM EIT TREKLØVER: Før dei får fart på seg, liknar spinnarane trekløver.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Spinnarane er ikkje berre for gaman, om ein skal tru produsenten.

I reklamekampanjen går det fram at spinning av leiketøyet er ei god sysle for born med ADHD, og, den skal jamvel hjelpe borna mot stress.

I USA har spinnarane vorte bannlyste frå ein del skular, av di elevar spann inne i timane. Men eit slikt forbod er ikkje på trappene på Slåtten skule:

– Eg har ikkje høyrd nokre klager på at elevar brukar spinner, seier rektor Turid Irene Hatlem.

Ein elev i skulegarden skyt då inn at han har brukt spinner i timen, i skjul under bordet.

– Det er ikkje bra, seier rektor litt halvtstrengt. – Då spørst det om vi må forby heile spinnaren på skulen.

  • Hugsar du denne?
    Fra "Tilbake til 1997"

    ENDÅ EIN 1990-TALSTREND: Datadyret.