NRK Meny
Normal

Eirik (20) tok fagprøven i stavkyrkje

Eirik Hovland frå Gaupne har teke fagprøven sin i ein spesiell bygning, nemleg i ei 900 år gamal stavkyrkje.

Eirik Hovland

SPESIELT: Eirik Hovland tykkjer det er stas å vere den første som tek fagprøven inne i ei stavkyrkje. Då synfaringa var over, fekk han ei stavkyrkjebok personleg helsing frå riksantikvar Jørn Holme og Merete Winness frå Fortidsminneforeningen.

Foto: Riksantikvaren

– Det er litt utanom det vanlege, og det var veldig stas å få vere med på dette, seier lustringen.

Nore stavkirke

NORE STAVKIRKE: Ho er ei av 28 stavkyrkjer i Norge og ligg i Nore og Uvdal kommune i Buskerud

Foto: Jan Gulliksen / NRK

Nore stavkirke i Buskerud er frå slutten av 1100-talet. I vinter skulle sprinklaranlegget skiftast ut, og bedrifta der Eirik Hovland jobbar fekk oppdraget.

– Det er ganske spesielt, og det er få som driv med dette. Vi har vore flinke med brannsikring av kyrkjer og fått bra rykte, fortel han.

Han har vore lærling i røyrleggjarfaget i Caverion si avdeling i Sogndal i to og eit halvt år. Han har fått vere med på arbeid i andre stavkyrkjer som Lom, Urnes og Uvdal. Fagprøven gjekk ut på at han skulle skifte deler av det innvendige sløkkeanlegget. Dette er første gong at ein læring har teke fagprøven sin i ei stavkyrkje.

– Vi måtte først spørje fagprøvenemnda om det var greitt å ta prøven i kyrkja, og eg fekk ja, fortel han.

Deler av svenneprøven, på loftet i Nore stavkirke

TRONGT: Det er liten plass og røyrleggjarane måtte også bruke hovudlykt.

Foto: Riksantikvaren

Mørkt og trongt

Den delen han skulle sprinkle, var innvendig på loftet over koret. Under fagprøven måtte han først henge opp anlegget provisorisk med strips og tau.

– Det er ein utfordrande jobb, for det er ganske vanskeleg å leggje røyr i ei kyrkje. Det er ikkje berre å bore og skru der du vil. Du må alltid spørje om lov først, før du gjer noko i det som er frå mellomalderen. Det er også veldig trongt, og sidan det ikkje er straum i kyrkja, måtte vi bruke hovudlykt.

Han tykkjer det er stas å vere den første som har teke fagprøven på denne måten.

– Ja, det er stas. Det vil eg seie.

– Denne veka var folk frå Riksantikvaren med på synfaring. Kva sa dei?

– Dei var veldig nøgde, og eg fekk mykje skryt.

Mange lovord

Og Karin Axelsen hos Riksantikvaren som har ansvar for brann og tryggleik i stavkyrkjene, er full av lovord om 20-åringen frå Gaupne.

– Vi er så nøgde med han, og vi er så stolte. Han viser slik yrkesstoltheit. Ein del av jobben er å planleggje og ta avgjerder, og det er ikkje for kven som helst. Du må vere tolmodig og ha ein unik kreativitet og ha ein veldig respekt for kvar du jobbar. Dette har Eirik, seier ho.