Hopp til innhold

Ein personbil har køyrt inn i ein parkert bil i Askvoll

I Askvoll sentrum har ein personbil køyrt rett inn i ein bil som stod parkert, og det skal vere store skadar på begge bilane.

Askvoll

– Det var ein mann i bilen som kom køyrande. Han skal vere med medvit, seier Bjarte Rebnord ved politiet sin operasjonssnetral i Bergen.

Det er no klart at mannen er utan alvorlege skader.

Ein person som tilfeldigvis gjekk forbi såg hendinga, og fekk varsla politiet. Ein ambulanse kom fram til staden etter kort tid.

– Eit vitne høyrde eit kraftig smell, og fekk kontakt med den skadde personen med ein gong, seier Rebnord.

Etter at amublansen kom fram vart mannen sendt heim att utan alvorlege skader.

Uhellet har skjedd midt i Askvoll sentrum, like ved Askvoll sjømat og delikatesser.