Mannen som hamna i elva med traktor døydde

Ein mann omkom då han og traktoren sklei uti ei elv i Naustdal søndag føremiddag.

Ulukke Naustdal
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ulukka skal ha vore eit uhell der traktoren har sklidd utfor og kvelva ned i elva. Det var sleipt i graset.

– Vi ser på dette som eit reint uhell, seier innsatsleiar for politiet, Joachim Malterud.

Helse, brann og politi vart varsla om ulukka og sende ut store mannskap til staden. Det vart også kalla ut redningsdykkarar frå Måløy og redningshelikopter frå Florø.

Då dei kom fram låg traktoren i elva. dykkarar gjorde søk og fann mannen. Det vart sett i gang livreddande arbeid.

– Pårørande er varsla og det er gjort undersøkingar på staden, men vi skal arbeide med å belyse kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Dei ventar no på å få berge traktoren.

Det skal ha vore nokre vitne til ulukka, men politiet veit ikkje kva og kor mykje folk har sett.