Hopp til innhold

Ein halv million med Flåmsbana

Flåmsbana hadde 22.000 fleire passasjerar i juni i år enn på same tid i fjor. Og i dei tre første vekene i juli har 10.000 fleire turistar teke den spektakulære togreisa enn i dei same vekene i fjor.

Flåmsbanen
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Direktør Olav Lühr i Flåm Utvikling seier til Bergens Tidende at dei no føler seg trygge på at Flåmsbana i år vil passere 500.000 passasjerar.