Hopp til innhold

Halvparten av risikotunnelane har ikkje hatt brannøving på fire år

Fjærlandstunnelen, der ein feiebil tok fyr måndag kveld, er ein av 41 norske vegtunnelar som Riksrevisjonen i september 2016 vurderte som særleg risikoutsette.

Tunnel etter brannen

STORE SKADAR: Sikkerheitsnettet i taket har fått hol, stein har ramla ned og fjellet har sprokke etter brannen i Fjærlandstunnelen.

Foto: Statens vegvesen

Riksrevisjonen peika då på at det i om lag halvparten av tunnelane ikkje hadde vore brannøving dei fire siste åra. Det gjeld ikkje Fjærlandstunnelen. Der var det både oppdatert beredskapsplan, vurdering av risikoanalyse, gjennomført brannøving og gjennomført periodisk inspeksjon.

Av dei 41 risikotunnelane ligg åtte i Sogn og Fjordane, alle har gjennomført brannøving:

  • Naustdalstunnelen på riksveg 5 i Naustdal/Flora
  • Magnhildskartunnelen på fylkesveg 614 i Bremanger/Flora
  • Sundafjellstunnelen på riksveg 5 i Flora
  • Bogstunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik
  • Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Sogndal og Skei
  • Lærdalstunnelen på E16 i Lærdal/Aurland
  • Steiggjetunnelen på fylkesveg 53 i Årdal
  • Oppljostunnelen på riksveg 15 i Stryn.

Dei andre tunnelane er desse, og dei som er utheva har ikkje hatt brannøving dei siste fire åra, ifølgje riksrevisjonens rapport frå september 2016.

Rogaland: Byfjordtunnelen og Frafjordtunnelen.

Hordaland: Åkrafjordtunnelen, Folgefonntunnelen, Røldalstunnelen, Hyvingstunnelen, Risnestunnelen og Arnanipatunnelen.

Møre og Romsdal: Ellingsøytunnelen, Freifjordtunnelen, Innfjordtunnelen, Måndalstunnelen, Fannefjordtunnelen, Rosethorntunnelen og Ljønibbtunnelen.

Trøndelag: Helltunnelen, Storsandtunnelen, Storvasshammertunnelen og Steinfjelltunnelen.

Nordland: Korgfjelltunnelen, Fagernestunnelen,Sløverfjordtunnelen, Tosentunnelen, Vindviktunnelen, Leirviktunnelen og Nappstraumtunnelen.

Troms: Skardalstunnelen og Pollfjelltunnelen.

Finnmark: Nordkapptunnelen, Vardøtunnelen og Stallogargotunnelen.

Saka fortsett under bildet.

Fjærlandstunnelen

RISIKOTUNNEL: Fjærlandstunnelen vart opna i 1986 av tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Best i vest

For Lærdalstunnelen, Magnhildskartunnelen og Sundafjellstunnelen var det berre delvis dokumentert vurdering av risikoanalyse. Elles hadde Statens vegvesen oppfylt alle dei fire punkta som Riksrevisjonen peika på i tunnelane i Sogn og Fjordane.

I Region vest var det gjennomført brannøving i 15 av dei 17 risikotunnelane. Men i Region midt og Region nord stod det langt dårlegare til. I Region midt var det ikkje dokumentert brannøving i ti av elleve risikotunnelar, i Region nord ti av 13 tunnelar.

I Region vest hadde alle 17 tunnelane oppdatert beredskapsplan, i Region midt tre av 11, i Region nord fem av 13.

Det er årleg i gjennomsnitt 1300 uønskte køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann i dei om lag 1130 norske vegtunnelane.