Berit visste ingenting då hunden vart avliva

GLOPPEN (NRK): I to år har Berit Grønnestad kjempa for at Quercus skulle få leve. Førre veke vart hunden avliva. – Eg visste ingenting, seier hundeeigaren.

Berit Grønnestad og bilete av Quercus

FORTVILA: – Eg kjem aldri til å godta den måten dei har behandla meg, eller hunden min på, seier Berit Grønnestad. Hundeeigaren fekk ikkje møte hunden sin ein siste gong.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Etter ein lang rettssprosses for å redde livet til Quercus, tapte hundeeigaren kampen då Høgsterett avviste anken hennar frå Gulating lagmannsrett. Denne beskjeden fekk ho 17. juli i år.

– Full panikk

Ein episode som går tilbake til hausten 2017 er årsaka til at politiet fatta eit avlivingsvedtak. Hunden hadde bite eit lam, og lammet måtte avlivast.

Heilt sidan ho fekk vite om avgjerda til Høgsterett har ho forsøkt å få kontakt med politiet.

Quercus på Arnestadfjellet

KAMP: I to år har Berit Grønnestad kjempa for livet til Quercus.

Foto: Berit Grønnestad

– Eg har sprunge fram og tilbake i full panikk, livredd for at dei skulle avlive hunden før eg fekk sett han ein siste gong, seier ho.

Avgjerda til Høgsterett betyr at dommen frå Lagmannsretten er rettskraftig. Dermed kunne hunden avlivast.

– Vekene etter eg fekk vite at hunden skulle avlivast var eg nedom lensmannskontoret fleire gonger.

Ho fortel at onsdag 24. juli fekk ho advokaten sin, Jo Gjestvang, til sende ein e-post til Politidirektoratet. Der stod det at Grønnestad hadde eit ønske om å sjå hunden før han vart avliva.

Advokaten fekk beskjed om at dei måtte kontakte Gloppen lensmannskontor der avlivingsvedtaket først blei fatta. Der fekk han beskjed om at saksbehandlar var på ferie og vart beden om å ringe tilbake måndag 5. august.

Fekk dødsbodskapen på sms

– Då måndagen kom ringde eg fleire gonger til lensmannskontoret. Eg lurte på om dei visste kor tid Quercus skulle avlivast, og om eg kunne få sjå han.

Nils Ove Roset, lensmann i Gloppen, ville ikkje kommentere dette til Grønnestad. Ho vart bedt om å vente på svar frå advokaten sin.

Då klokka nærma seg halv fire fekk Berit ein sms frå advokaten sin.

«Hei Berit! Beklager dårlige nyheter. Fikk tak i Roset nå. Han fortalte at Quercus ble avlivet i forrige uke. Jo»

– Det var heilt forferdeleg, og eit enormt sjokk. Eg visste ingenting, seier ho fortvila.

Ho fekk aldri tatt farvel med Quercus.

Hunden Quercus

URETTFERDIG: – Eg synst det er urettferdig at hunden skulle avlivast utan å få ein sjanse, seier hundeeigaren.

Foto: Berit Grønnestad

Politiet er tause

NRK har vore i kontakt med Gloppen lensmannskontor. Dei vil ikkje kommentere saka, men viser vidare til Politidirektoratet.

Politidirektoratet svarer følgjande i ein e-post:

« ... Det er politidistriktet som har kontakten med kennel og som har ansvaret for effektueringen av resultatet av saken, og Politidirektoratet har ikke kjennskap til hvorvidt hunden nå er avlivet eller ikke.»

Heller ikkje leiinga i Vest politidistrikt ynskjer å kommentere saka til NRK.

– Ingen rettar for eigarar

– Vi er ikkje overraska over det Grønnestad har opplevd. Dessverre tek ikkje hundelova omsyn til verken hund eller eigar. Ein står meir eller mindre utan rettigheiter, seier veterinær og leiar i NOAH, Siri Martinsen.

Ho fortel at i følgje hundelova så er det ikkje noko som seier at eigar har krav på å få vite dato for avliving, eller at eigar har rett på å få sjå hunden før vedtaket blir gjennomført.

Siri Martinsen - Noah

VIL HA NY LOV: – Sjølve avlivingsvedtaket kan fattast av politi som ikkje har kunnskap om hundeåtferd, seier Siri Martinsen i NOAH. Ho meiner det er på tide med ny hundelov.

Foto: Bente Isefjær

– Det er fleire som har teke kontakt med oss på grunn av dårleg behandling i samband med effektuering av avlivingsvedtak, og at eigarar ikkje får sjå hundane sine.

Martinsen fortel at NOAH i fleire år har kjempa for ei ny hundelov.

– Det er heilt naudsynt at vi får ei ny hundelov som byggjer på kunnskap om hund og hundeåtferd, rettane til hundar og ikkje minst rettane til eigarar, seier ho.

Ifølgje Martinsen har alle som har klaga på avlivingsvedtak sidan 2014 fått avslag. Det finst ingen nasjonale tal for kor mange hundar som blir avliva kvart år.

– Siste ønske

Politiet henta Quercus 1. mars 2017, og Grønnestad har ikkje sett han sidan. Hundeeigaren fortel at det er veldig tungt at ho ikkje fekk sjå hunden sin ein siste gong.

Quercus

SÅRT: – Eg saknar å ha han rundt meg, og eg saknar å gå på tur med han, seier Berit Grønnestad fortvilt. Lange turar i skog og fjell prega kvardagen då ho framleis hadde Quercus.

Foto: Berit Grønnestad

– No håper eg politiet kan gå med på mitt siste ønske. Eg ønsker å få Quercus kremert, og så ta med asken hans tilbake til den fantastiske familien som eg fekk han av, seier ho.

Sommaren 2014 var Grønnestad og sambuaren på bubilferie i Spania. I Katalonia vart dei kjent med ein familie som hadde hund.

Hunden hadde fått kvelpar og ein var att. Kvelpen heitte Quercus som betyr korkeik. Grønnestad fekk hunden i gåve.

– Dei har vore veldig støttande gjennom denne prosessen, seier ho.

Samstundes håper ho at ingen må oppleve det ho og hunden har vore igjennom.

– Eg håper også at dette kan vere med å vise at vi treng ei endring av hundelova, seier hundeeigaren.

Quercus

HÅP: Berit Grønnestad fekk Quercus i gåve frå ein familie i Spania. No er håpet å få ta med asken hans tilbake til dei.

Foto: Privat