Hopp til innhold

Matmor fortvilar: Tingretten meiner at hunden til Berit må avlivast

SANDANE (NRK): Tingretten har bestemt at hunden Quercus må avlivast. Matmor Berit Grønnestad kjenner seg makteslaus i kampen mot staten.

Berit Grønnestad

KJEMPAR: Berit Grønnestad kjempar for at hunden sin skal få leve. No har han vore plassert på kennel i snart ni månader.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg kjem til å anke, eg kan ikkje godta ei slik avgjerd. Det finst ikkje rettferd i det som har skjedd, seier hundeeigar Berit Grønnestad frå Gloppen.

Det var Bergens Tidende som først fortalde historia om Grønnestad.

Hausten 2017 gjekk ho tur med hunden sin, Quercus, då ho sklei og mista grepet om bandet hunden var festa i. Etter om lag ti minutt fann ho han igjen. Då hadde Quercus bite eit lam i halsen. Lammet måtte avlivast.

Eigaren av lammet melde hendinga til politiet, som då vedtok å avlive hunden hennar.

Grønnestad klaga på vedtaket, men politiet tok ikkje klaga til følge. Difor gjekk ho til sak mot staten.

No frifinn Sogn og Fjordane tingrett Justis- og beredskapsdepartementet, og meiner hunden kan avlivast etter paragraf 18 i lova om hundehald.

– Eg synest det er håplaust å skulle bli kjempe mot staten, seier hundeeigaren.

Har vore ærleg

Årsaka til at Grønnestad føler seg urettferdig behandla, er fordi ho har vore ærleg og gjort det ho har trudde var rett.

– Eg sa ifrå til saueeigaren med ein gong og gjorde opp for meg. Eg har gjort alt eg kan her, også blir eg straffa for det.

Men hunden beit jo eit lam, meiner du at den ikkje er farleg?

– Den er ikkje farleg. Den surra seg fast i et straumgjerde, og beit når han ikkje kom seg laus, seier ho.

Då saueeigaren melde ifrå til politiet, bad han ikkje om at hunden skulle avlivast. Han forklarte seg ikkje for retten, men til politiet sa han at han ikkje ønsker å vere den som krev avliving.

Berit Grønnestad

VONDT: – Eg lir av at hunden er i kennel, seier Berit Grønnestad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Utrygt

Retten meiner hunden utgjer ein større fare i framtida enn det hundar vanlegvis gjer, og at fleire personar har vore bekymra over at Grønnestad ikkje har hatt kontroll over hunden.

– Hunden har skapt ein utryggleik for omgivingane som ikkje kan aksepterast. Quercus har ingen relevant nytteverdi for saksøker, som kan få betydning, står det i dommen.

NRK har vore i konktakt med regjeringsadvokaten som førte saka på vegner av staten.

Advokat Lucy Furuholmen skriv at dei ikkje vil kommentere saka før dommen er rettskraftig, men konstaterer at tingretten har gjeve dei rett i at hunden skal avlivast.

På kennel

Etter at Grønnestad saksøkte staten, vart hunden plassert på kennel. Der har den vore i snart ni månader, og det har vore krevjande for eigaren.

– Eg hadde tenkt at eg skulle gje meg, for eg orkar ikkje tanken på at hunden skal vere i kennel lenger. Men eg synest det er heilt urimeleg å avlive ein hund på det grunnlaget, når eg har gjort alt rett. Så eg vil ikkje gje meg.

– Dette er forferdeleg tøft for meg. Quercus er ein ung, frisk og sterk hund. Det er det einaste som gjer at eg held ut, seier ho.

Berit Grønneberg og hunden Quercus

MÅ DØY: Tingretten meiner hunden Quercus må avlivast. Matmor Berit Grønnestad fortvilar.

Foto: Privat