Høgsterett: Hunden til Berit må døy

Berit Grønnestad på Sandane tok avlivingsvedtaket på hunden sin til Høgsterett. No er det bestemt at Quercus må døy.

Berit Grønnestad

KJEMPAR FOR KJÆLEDYRET: Hundeeigar Berit Grønnestad gjer alt for at hunden Quercus ikkje må bøte med livet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er knust. Eg klarer ikkje å akseptere avgjersla, seier hundeeigar Berit Grønnestad til NRK.

Grønnestad har kjempa for hunden gjennom rettssystemet etter at politiet gjorde vedtak om å avlive han. Først tingretten, så vidare til Høgsterett.

Bergens Tidende fortalde først historia om Grønnestad og hunden Quercus.

Hausten 2017 var Grønnestad på tur med hunden, då ho sklei og mista grepet om bandet hunden var festa i. Då ho fann att hunden hadde han bite eit lam i halsen, som måtte bli avliva.

– Eg sa ifrå til saueeigaren med ein gong og gjorde opp for meg. Eg har gjort alt eg kan, og så blir eg straffa for det, sa Grønnestad til NRK i fjor haust.

Hundeeigaren meiner avgjerda er teken på feil grunnlag.

– Eg kan ikkje gi meg. No har eg klaga vedtaket vidare til Sivilombodsmannen, seier ho.

Politiet meiner på si side at lagmannsretten kom fram til rett avgjerd.

– Vi registrerer at Høgsterett har bestemt å ikkje sleppe inn Grønnestads anke over Gulating lagmannsretts dom, og at dommen difor er rettskraftig. Vi meiner lagmannsretten korrekt har lagt til grunn at Politidirektoratets avlivingsvedtak er gyldig, seier Heidi Toward, seniorrådgjevar i Politidirektoratet.

– Det var eit uhell. Eg forstår ikkje kvifor eg blir straffa så hardt, seier Grønnestad.

Ho seier hunden surra seg fast i eit straumgjerde og beit då han ikkje kom seg laus. At det var ei enkelthending. Retten meiner hunden utgjer ein større fare i framtida enn det hundar vanlegvis gjer.

Hundeeigaren i Gloppen har sendt brev til både Kong Harald og statsminister Erna Solberg i eit rop om hjelp. Ho gjer alt for at hunden ikkje skal bøte med livet etter ei rettsleg avgjerd om avliving.

– Dette er urimeleg. Eg er sjokkert over rettsinstansane, seier Grønnestad.

Saka om Quercus føyer seg inn i ei lang rekkje med saker om avliving av hundar. Mellom anna har sakene om hunden Bob og hunden Rambo vekt mykje merksemd.

Berit Grønnestad og hunden Quercus

FLEIRE MÅNADER: Hunden Quercus har vore plassert på kennel i fleire månader.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Grønnestad reagerer på at det vert teke andre omsyn i saka om politihunden som beit 10-åringen Elise. I den saka meiner politiet at hunden er for verdifull til å avlivast.

– Det er forskjellsbehandling, seier Grønnestad.

Ho seier ho sjølv kunne gått i fengsel for å sleppe at hunden hennar blei utsett for dette.

– Eigarane bør straffast, ikkje hundane, meiner Grønnestad.