Onsdag vart Karadas einig med klubben om dei personlege krava, og torsdag set han seg på flyet til Portugal. Eidaren har sidan 2002 spelt for Rosenborg, og trønderklubben får 15 millonar kroner for spissen. Men det er ikkje berre RBK som tener pengar på at Karadas dreg utanlands. Økonomisk vil det også drype på moderklubben Eid, men det er enno ikkje klarlagt kor stor denne summen er.
23-åringen gler seg no til å spele fotball i Portugal, men vedgår at det kan bli litt trist å vere så langt vekke frå familien på Nordfjordeid.