Hopp til innhold

Dystre tider for aluminiumsverka

- Dei dårlege tidene for aluminiumsindustrien vil vare i minst to år til, fryktar Hydro.

Hydro i Årdal
Foto: Arve Uglum / NRK

Torsdag fekk dei tilsette ved verka i Årdal melding om at 125 arbeidsplassar står i fare for å ryke .

LES OGSÅ: - Vi må sikre dei jobb å gå til

- Vil ta veldig lang tid

Årsaka er dei dårleg aluminiumsprisane. Fabrikksjef Tom Moen ventar at det fort kan bli både eitt og to vanskelege år - om ikkje fleire. Situasjonen er snudd på hovudet frå i fjor sommar då aluminiumet var gull verdt.

- Lagera veks framleis, prisane er på botn og med dei lagera som er i dag, så vil det ta veldig lang tid før det blir balanse og prisane byrjar å stige att, seier Moen.

Video nsps_upload_2009_3_25_18_37_49_1647.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Taper kvar dag

I dag taper Hydro pengar kvar einaste dag. I vinter var prisane så låge at Hydro tapte 6 000 kroner i minuttet . Arbeidsplassane i Årdal er ikkje dei første som ryk som følgje av krisa.

På Karmøy mista 450 tilsette jobben då Søderberganlegget stengde før planlagt. I Raufoss måtte 200 gå, meedan 90 årsverk forsvinn i Holmestrand. Heller ikkje Hydro i Høyanger går klar. Her forsvinn 20 arbeidsplassar.

Video nsps_upload_2009_2_18_15_10_52_530.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kan bli fleire

Ifølgje Hydro er 3.500 av dei 23.000 tilsette verda over direkte berørt av aluminiumskrisa. Og i tida som kjem vil det forsvinne endå fleire. Leiar i Årdal Kjemiske Fagforeining, Bjørn Øvstetun, seier det er tungt og at arbeidsstokken er prega av nedgongen .

Moen kan ikkje garantere for arbeidsplassane i Årdal, men vonar at verka vil klare seg når dei no kuttar 125 stillingar.