Hopp til innhold

Årdøler fryktar for arbeidsplassen

- Dei som kjenner seg røyvde av dette, er urolege. Det er det ikkje tvil om, seier leiar i Årdal Kjemiske Fagforeining, Bjørn Øvstetun.

Video nsps_upload_2009_3_25_18_37_49_1647.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I dag vart det kjent at så mange som 125 tilsette kan misse jobben ved Hydro sine anlegg i Årdal . Øvstetun legg ikkje skjul på at det var ein tøff melding å svelge for mange av dei 560 tilsette i verksemda.

LES OGSÅ: Lægreid:- Vi må sikre nye jobbar

- Tillitsvalde er usamde. Det blir ein kamp. Det er vår plikt å vise at dette ikkje let seg gjere. I den grad det let seg gjere, så må vi også vere med på det, seier Øvstetun.

Verre enn venta

Årsaka til kuttframlegget er at Hydro tapar pengar kvar dag på grunn av låge aluminiumsprisar. I byrjinga av mars vart det varsla at kring 110 tilsette kunne misse jobben . Leiaren i fagforeininga trur kommande veke blir både tøff og hard. Framlegget frå leiinga var verre enn venta.

- Per i dag er dette berre eit tal vi konstaterer kjem frå leiinga. Så skal vi bruke ei veke på å motbevise eller gje attendemelding på kva vi meiner om det, seier Øvstetun.

Video nsps_upload_2009_3_9_17_28_9_84.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Aldri opplevd liknande

Fabrikksjef Tom Moen vedgår at 125 oppsagde er dramatisk for Årdal kommune . Samstundes er situasjonen dramatisk for Hydro. Industrien slit med prisar så låge som dei aldri før har opplevd. Marknaden er fallande og industrien går med store raude tal.

- Industrien går gjennom den verste motgangen den har opplevd. I den situasjonen er det naudsynt å snu alle steinar og sjå kvar ein kan kutte kostnadar. Det er motivet for prosessen ein har køyrt dei siste to månadane, seier han.

Video nsps_upload_2009_3_13_14_58_10_563.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Små justeringar

Moen seier at kutta, dersom dei blir gjennomførde, vil råke alle nivå i organisasjonen. Om tillitsvalde er usamde i planane, levnar Moen liten tvil om at det vil bli mange oppseiingar.

- Vi diskutere og bli samde med fagforeininga, med det blir ikkje justert veldig mykje, seier Moen.

Video nsps_upload_2009_2_18_15_10_52_530.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.