Hopp til innhold

Lægreid:- Vi må sikre nye jobbar

Årdal kommune vil kontakte Hydro med sikte på å få på plass nye jobbar til dei som kan miste jobben ved industrigiganten sine anlegg i kommunen.

Arild Ingar Lægreid

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Foto: Hanne Stedje, porten.no

Det gjer kommunen etter at Hydro varsla oppseiing av uventa mange tilsette ved verka i Årdal.

- Årdal kommune med sitt næringsapparat vil no arbeide inn mot Hydro for å få på plass nye arbeidsplassar, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Har dialog

Ordføraren seier at dei allereie har dialog med Hydro. Dersom så mange som 125 Hydro-tilsette plutseleg står utan arbeid, vil det vere dramatisk for kommunen .

- Vi har på gang konkrete prosjekt og avheng av at Hydro også bidreg økonomisk. Det blir ein viktig jobb framover no, at dei som går ut porten må ha ein annan jobb å gå til, seier han.