Hopp til innhold

Dyrlege ber folk halde seg til reglane

FØRDE (NRK): Når folk ikkje respekterer tidene ein har lov til å fyre opp fyrverkeri, blir nyttårsaftan endå vanskelegare for dyra, meiner dyrlege Hanne Husebø.

Dyrlege Hanne Husebø

UTFORDRANDE: Dyrlege Hanne Husebø seier at det er utfordrande for hundeeigarar når folk ikkje respekterer dei tidene ein har lov til å skyte opp fyrverkeri.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Det hadde vore mykje enklare for dyra om folk hadde respektert dei tidene. Det gjeld ikkje berre hundar og kattar, også hestar, kyr og andre dyr blir redde, seier Husebø.

Husebø fortel at det er mykje ein kan gjere for at dyra skal bli tryggare, men at det då er ein klar fordel at ein dyreeigarane veit kor tid fyrverkeriet kjem.

– Då kan dei planlegge litt for å dempe inntrykka. Det handlar til dømes om å ta for gardinene eller setje på musikk. Slik det er no er det vanskeleg, fordi det kjem smell litt hist og pist til alle tider.

Du har berre lov til å fyre opp fyrverkeri mellom klokka 18 og klokka 02 på nyttårsaftan. Det er det ikkje alle som bryr seg om, ifølgje Husebø.

– Det er så gale at ein del hundeeigarar ikkje ein gong torer å gå ut på do med dyra sine.

– Folk sluntrar for mykje unna

Fyrverkeriseljar Markus Mulen i Førde er klar over at han har eit ansvar, og han prøver å fortelje folk kva dei må tenkje på når dei skal bruke fyrverkeri.

– Eg er veldig medviten på det, og seier at folk må gjere det skikkeleg. Det handlar om å planleggje kva ein skal gjere, og sette det skikkeleg i bakken.

– Er folk flinke til å hugse på desse tinga?

– Eg trur folk diverre sluntrar for mykje unna. Den vanlegaste feilen folk gjer er å sette fyrverkeriet på eit ustødig underlag, slik at det kvelvar. Det er livsfarleg, seier fyrverkeriseljaren.

Markus Mulen sel fyrverkeri

ER MEDVITEN: Markus Mulen forklarer folk kva som kan vere farleg med fyrverkeri

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Trur fellesfyrverkeri har vore bra for tryggleiken

I Florø har kommunen i mange år teke initiativet til oppskyting av fellesfyrverkeri. Varabrannsjef Eivind Ask trur det har vore veldig positivt for tryggleiken på nyttårsaftan.

– Det har vorte mange færre brannar knytt til fyrverkeri etter at vi innførte fellesfyrverkeri. Ikkje minst er det vorte mykje mindre uvettig oppskyting i Florø sentrum, seier Ask.

Eivind Ask

BRA MED FELLES FYRVERKERI: Eivind Ask i Florø trur fellesoppskyting er positivt.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Brannmannen trur fellesfyrverkeriet er så vanskeleg å konkurrere med, at folk heller droppar å kjøpe sitt eige fyrverkeri.

– Det er ein større oppleving for folk å sjå på fellesoppskytinga, og det fyrverkeriet du får kjøpt er ikkje like kraftig og imponerande som fellesfyrverkeriet.