Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på for å gje nynorsken innpass på nye område.
Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Då nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus, i den positive tydinga av ordet. Våge å merke seg ut, stå for noko og vere noko.